NRK Meny
Normal

– Det er ein milepæl og eit prestisjeprosjekt

Statoil har inngått ein opsjonsavtale med Westcon Yards om det aller første offshoreoppdrag for Florø-verksemda.

– Eg synest dette er ein veldig viktig avtale. Det er ikkje ein stor avtale, men ein viktig milepæl for oss, seier Gustav Johan Nydal.

Han er administrerande direktør ved Westcon Yards i Florø, og gler seg over at verksemda har fått på plass ein symbolsk svært viktig avtale.

– Dette er eit felt vi har satsa på over lengre tid, og no har vi fått på plass ein avtale, poengterer han.

Reknar med å gjennomføre opsjonen

Westcon Yards i Florø har inngått ein opsjonsavtale med Statoil om leige av kaiplass og klargjering av plattformdekket til Valemon før montering i Nordsjøen.

Plattformdekket til Valemon-feltet skal etter planen komme til Westcon Yards mot slutten av juli. Her skal plattformdekket gjerast reint og klargjerast, før det blir installert på understellet i Nordsjøen.

Avtalen med Statoil er ein opsjon som blir gjennomført dersom transporten frå Sør-Korea kjem til Nordsjøen før tungløftfartøyet er klart til mobilisering.

– Kan dette oppdraget gleppe?

– Det er ein viss fleksibilitet i avtalen. Men eg reknar med at dette oppdraget blir gjennomført, seier Nydal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Westcon Yard Florø

FEKK AVTALE: Westcon Yards i Florø.

Foto: Harald M. Valderhaug

– Viser at satsinga har vore rett

Søndag starta transporten av Valemon-plattforma frå Samsung-verftet i Goeje i Sør-Korea om bord på transportskipet Dockwise Triumph. Skipet skal etter planen bruke 45 dagar på den 11.500 nautiske mil lange turen til Norge.

Gustav Johan Nydal

NØGD: Administrerande direktør Gustav Johan Nydal.

Foto: Westcon Yards Florø

– Kva betyr dette oppdraget for dykk?

– Det viser at satsinga vi har gjort er rett. Ved å satse på kompetansebygging og saman med eigarane våre, klarer vi å komme inn i ein marknad som er svært viktig for oss, seier Nydal.

I ein periode på eit par veker i sommar vil det bli jobbing 24 timar i døgnet for å klargjere plattformdekket før det skal ut i Nordsjøen.

– Reint økonomisk er det nok ikkje eit stort oppdrag for oss, men det er eit positivt tilskot til verksemda. Totalsummen er avhengig av kor lenge båten blir liggjande og kor mykje som blir gjort før den skal ut på feltet, seier Nydal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.