Hopp til innhold

Får sin første heimestart på over eitt år

SOGNDAL (NRK): Før første gong sidan i fjor sommar får Fosshaugane-publikumet sjå Ruben Holsæter frå start for Sogndal.

Holsæter jublar for scoring

TILBAKE: Ruben Holsæter har hatt eit trøblete år, men får spele frå start på Fosshaugane.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Holsæter starta også bortekampen mot Åsane i starten av månaden. I dagens oppgjer mot Sandnes Ulf er det duka for eit gjensyn med sunnfjordingen frå start også for heimepublikumet.

24-åringen spelte sin siste heimekamp 24. juli i fjor, mot Viking.

– Han har jobba hardt over lang tid og eg føler han har vore så godt på trening at han fortener sjansen no, seier Eirik Bakke.

Hagerup i mål

Holsæter har sidan i fjor sommar slite med ein skade i hofta, som i lange periodar heldt han ute av trening og kamp. I vår vart det ingen kampar. I tillegg til starten mot Åsane, har 24-åringen fått seks seriekampar som innbyttar.

Intervju med Eirik Bakke i forkant av kampen mot Sandnes Ulf

VIDEO: Optimistisk Sogndal-trenar, Eirik Bakke, før kampen mot Sandnes Ulf. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

I forsvarsrekka lar Sogndal-trenar Bakke også Taijo Teniste kvile til fordel for Eirik Skaasheim.

Laster innhold, vennligst vent..

Også keeper Stefan Hagerup er tilbake i startelvaren, som erstattar for Mathias Dyngeland.

– Vi har bytta litt i sesongen og Stefan har vore god når han har stått tidlegare, så eg følte han kunne få stå ein kamp no. Så får Mathias kvile litt, seier.

Lovar kamp til døra

Dagens oppgjer betyr også gjensyn med Fosshaugane for Tonny Brochmann. Dansken kom til Sogndal i august 2011, men valde å gå til Sandnes Ulf før årets sesong.

Intervju med Tonny Brochmann i forkant av kampen mot Sogndal

VIDEO: Tonny Brochmann før returen til Sogndal og Fosshaugane. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

– Det blir litt spesielt å vere her igjen, seier han og lovar å ikkje leggje noko imellom mot gamle lagkameratar. Sandnes Ulf har hatt ein variabel sesong og kvalifiseringsplassen står i fare.

– Vi skal i alle fall ha eitt poeng, men vi kjem for tre, seier han.

– Må halde fram

Med eitt poeng, eller poengtap for Brann, får Sogndal det synlege beviset på at dei er seriemeistrar. Skulle Sogndal tape og Brann slå Nest-Sotra, må dei vente til neste helg.

– Vi håpar å avgjere dette, saman med supportarane. Det har vore eitt bra år, så ingenting hadde vore meir moro, seier Bakke og legg til:

– Men det viktigaste i dag er å halde fram det vi har starta. Det er siste heimekamp, og det vi sluttar med no, tek vi med oss inn mot neste sesong.

Laster innhold, vennligst vent..

LAGET: Stefan Hagerup, Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Christophe Psyche, Victor Grodås, Ruben Holsæter, Babacar Sarr, Petter Strand, Thomas Drage, Kristian Fardal Opseth, Mahatma Otoo.

BENKEN: Taijo Teniste, Peter Aase, Simen Brekkhus, Osita Henry Chikere, Edin Øy, Mathias Dyngeland, Lars Christian Kjemhus.