NRK Meny
Normal

Jostedalen får meir pålitelege vêrmeldingar

Etter frustrasjon over upresise vêrmeldingar får Jostedalen sin eigen målestasjon.

Mykje snø i Jostedalen

PÅLITELEGE VARSLINGAR: Jostedalen har ofte rikeleg med snø, og temperaturar som er i ein annnan ende av skalaen enn stadar ved fjorden (illustrasjonsbilete).

Foto: Jostein Aasen/Instagram

– No er vi tilbake i det gode selskap med offisielle målingar, seier Trygve Snøtun som er leiar for Breheimsenteret i Jostedalen.

Jostedalen også tidlegare hatt målestasjon, men det vart nedlagt. Den nye målestasjonen er etablert ved Breheimsenteret.

– Viktig for bygda

– Sjølve målestasjonen er eit samarbeid med NVE, Statens vegvesen og Meteorologisk institutt. Grunnen til at dei vil ha det er at dei får betre vêrvarsel og NVE kan bruke det i skredvarslinga si.

Jøstedølane har lenge vore frustrerte over at vêrmeldinga ofte har vore upresis og vêrrapportane ikkje har gitt rett bilete av situasjonen i bygda. Difor er målestasjonen viktig for innbyggjarane, seier Snøtun.

Breimheimssenteret i Jostedalen

MÅLESTASJON: Breheimsenteret i Jostedalen får også målestasjon.

Foto: Birger Meland / NRK

– Det er stor skilnad på om ein bur ved fjorden eller lenger oppe i dalen. Det er spesielt temperaturen som har vore vanskeleg å få rett på vêrmeldingane, men no håpar vi det blir betre.

– Vi har jo litt meir innlandsklima med litt kaldare om vinteren og litt varmare om sommaren.

Dukkar opp på yr.no

Også for turistnæringa vil ei stabil og påliteleg varsling vere viktig, spesielt når folk søker staden opp på nettet.

– Det er ein ting til ein kan søke opp så det synest vi er flott. At ein får betre vêrvarsel er ein ting og at det i tillegg er nok ein ting som dukkar opp i eit søk på nettet er heilt supert. Så kan vi også gi turistane eit betre varsel.

For dei som ønskjer å vite vêret i Jostedalen kan dei gå inn på yr.no og søke opp Breheimssenteret.

Men dagens vêrvarsel gir Snøtun;

– Det er overskya i dag, ganske kaldt med minus 7,4 i dag. I går fekk vi litt snø så no blir det vel fint skiføre her framover.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser