Det var fylkesleiar i Redningsselskapet, Henry Indrebø, som sjølv nominerte Hellandsjø til vervet.
Lars Hellandsjø (38) frå Dalsøyra vart laurdag ettermiddag valt til ny president i Redningsselskapet. Han ser på valet som ei ære og seier viktigaste oppgåva no er å styrke omdømmet til selskapet.
Kaos på møtet
Etter mange timar med diskusjonar vart det ekstraordinære landsmøtet samde om eit nytt styre i Redningsselskapet. Lenge herska det fullstendig kaos, og ei tid såg det ut til at det gamle styret skulle bli sitjande til det ordinære landsmøtet i mai. Årsaka var usemje om stemmereglane.
Hellandsjø er leiar for korpset som driv redningsskøyta "Utvær".
Store utfordringar
Men til slutt klarte dei 13 representantane å velje eit nytt styre der 38 år gamle Lars Hellandsjø frå Dalsøyra i Gulen altså vert ny president i Redningsselskapet. Han var også innstilt til vervet av ein samrøystes valkomite. Røystetala for Hellandsjø på landsmøtet vart 11-2.
- Fordel med nytt styre
Hellandsjø legg ikkje skjul på at det vil verte utfordrande å få alle i selskapet til å dra i same retning. Her vil openheit og stor takhøgde vere viktige verkemiddel for den nye presidenten. Han er og glad for at heile det gamle styret vart skifta ut.
- Eg glad for at det nye styret er sett saman av berre nye folk som ikkje har noko fortid sentralt i selskapet. Det trur eg er ein stor fordel, seier Hellandsjø til NRK laurdag ettermiddag.
Leiar i sjøredningskorpset
Hellandsjø som tek over vervet etter Magnus Stangeland får no hovudansvaret for å ordne opp i alle problema som Redningsselskapet slit med.
38-åringen er i dag leiar av det frivillige sjøredningskorpset i Gulen og Solund. Korpset driv redningsskøyta "Utvær", der Hellandsjø sjølv tek vakter.
Nei til styrehonorar
Til dagleg er trebarnsfaren administrerande direktør i industrikonsernet Wergeland-Halsvik. Frå kontoret i Sløvåg styrer Hellandsjø eit konsern som driv med betongvareproduksjon, skipsverft, shipping, ferjedrift, handtering av farleg avfall og pukkverk. Konsernet har rundt 130 tilsette.
Hellandsjø er kjend for å vere ein nøktern leiar som ikkje likar å stikke seg fram. Han har tidlegare sagt at når korpsa jobbar frivillig, må også leiinga kunne gjere det same, og at det difor ikkje er aktuelt for han å ta imot styrehonorar.
Støtte frå fiskarlaget
Sogn og Fjordane Fiskarlag er svært godt nøgde med valet av Lars Hellandsjø som ny president i Redningsselskapet. Fiskarane trur det nye styret vil trygge redningsstasjonane langs kysten, og skape ny folkeleg støtte til selskapet.
Lars Hellandsjø (t.v.), Henry Indrebø og Turid Westervik. Biletet er frå årsfesten til sjøredningskorpset i Gulen og Solund i fjor. Foto: Redningsselskapet.