NRK Meny
Normal

Får ros etter å ha starta brannsløkking

Då det byrja å brenne i Handelshuset i Førde laurdag kveld, greip to tilsette brannsløkkingsapparat og ei spade og sprang på taket for starte sløkking.

Arne Mo og Øystein Myrkaskog

HJELPTE TIL: Arne Mo og Øystein Myrkaskog var tidleg på plass for å hjelpe til då det byrja å brenne.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Vi kom ut på taket, men såg ikkje brannen då. Så brukte vi spada og fekk opna opp ein vegg. Då såg vi flammane, fortel Øystein Myrkaskog.

Han er driftsarbeidar ved handlesenteret, og saman med butikktilsett Arne Moe, la han på sprang mot taket av bygget, der flammane breia om seg.

– Det var mørkt, kaldt og mykje røyk. Eg har aldri vore i ein slik situasjon før, så eg hugsar ikkje så mykje av det, men det var litt ekkelt, fortel Myrkaskog, som også bur i bygget.

Kom ut av kontroll

Då dei stod på taket var det både mørkt og kaldt. Med spaden fekk dei lirka opp eine plata, og spruta innhaldet frå det eine brannsløkkingsapparatet inn i veggen.

– Vi prøvde så godt vi kunne å sløkke, og det såg ut til å fungere i starten, men så gjekk det ut av vår kontroll, fortel Myrkaskog.

Etter kvart fekk dei likevel melding frå brannvesenet om å kome seg vekk frå taket og brannen. Brannsjefen i Førde, Bernhard Øberg ser positivt på dei initiativrike karane som prøvde å få has på brannen.

– Dei har følgt boka og prøvd å sløkkje. Det er eit av tiltaka ein kan gjere når det oppstår brann, seier Øberg.

Øystein Myrkaskog og Steinar Vie

FÅR SKRYT: Driftsarbeidar Øystein Myrkaskog og driftsleiar Steinar Vie får skryt for innsatsen sin.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Dei gjorde alt rett

Varsling, evakuering og sløkking. Det er dei tre tiltaka som må settast i verk når ein brann oppstår, og Øberg rosar innsatsen. Han trur brannen etter kvart sette seg så kraftig i konstruksjonen at sjølv om brannsløkkingspulveret slo ned flammane var det så mykje energi igjen i arnestaden at den tok seg opp att. Det er førebels uklart kva som starta brannen.

– Det kan nok hende at dei av avgrensa omfanget av brannen som vi jobba med seinare. Dei prøvde med det dei hadde, og vi kan ikkje forvente meir av privatpersonar, seier Øberg.

Øystein Myrkaskog seier det ikkje berre er han og Arne Mo som gjorde ein innsats. Han seier at også driftsleiar Steinar Vie var på staden og hjelpte brannvesenet.

– Vi kan ikkje ta på oss all æra, fordi det var fleire som også gjorde ein god innsats, seier han.

Myrkaskog er glad for at innsatsen deira blir set pris på.

– Eg veit ikkje heilt kva som er lov og kva ein bør gjere, men det er bra vi gjorde noko rett. Vi kunne ikkje berre stå å sjå på. Vi følte det var mogleg å gjere noko, så prøvde vi berre.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser