Hopp til innhold

Får representere Norge likevel

Trass Førde volleyballklubb sin svake 6.-plass i Eliteserien i fjor, vil Norges volleyballforbund at klubben skal representere Norge i Nordic League.

Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes

HEIMVENDE PROFFAR: Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes er ei viktig årsak til at Førde får tilbod om Nordic League .

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde enda i fjor nest sist, men sidan både Kristiansund og NTNUI takka nei fekk sunnfjordingane tilbod om den fjerde plassen etter Nyborg, Tromsø og Randaberg.

– Når vi no hadde ledige plassar, så var vi interesserte i å få med så mange norske lag som råd, slik at dei kan får meir internasjonal erfaring, seier David Cox, som er leiar i konkurranseavdelinga i forbundet.

Heimvende proffar

Dei nyleg heimvende proffane Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes er ei viktig årsak til at Førde no får tilbodet.

– Det er sjølvsagt ein god grunn til å seie at Førde vil kunne lukkast betre i Nordic League, enn dei ville gjort utan dei to spelarane, seier Cox.

Trongt nålauge

No er det opp til dei ansvarlege i Nordic League å avgjere om Førde, Nyborg, Randaberg og Tromsø slepp gjennom nålauge.

– I fjor hadde nok ikkje klubben sin beste sesong, noko som kan skuldast endringar i laget, med mange unge og urutinerte spelarar.

Førde er ein tradisjonsrik klubb som har delteke i Nordic League fleire gonger tidlegare og også vann i 2011.

– Alle papir er no sende inn, og vi reknar med at Førde kjem med, seier Cox.