Hopp til innhold

Får redusert eigedomsskatten

Dei fleste innbyggjarane i Sogndal vil få redusert eigedomsskatten med mellom 30 og 40 prosent i snitt, i høve kravet som vart sendt ut i vår.

Sogndal - dronefoto

TAKSERING: 1139 eigedomar i Sogndal fekk ny takst i vår. No har kommunen gjort nye vurderingar.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det melder nettstaden porten.no.

– Vi har endra takseringsmetoden. I førre taksering var det ein meir skjønnsmessig taksering, medan ein no har ein meir konkret metode. Det gjer at vi har fått ein reduksjon i skattenivået, fortel fungerande rådmann Marit Hagevik til NRK.

Då innbyggjarane i Sogndal kommune fekk ny takst i mars førte det til massive protestar.

Mange gardshus, hytter og næringsbygg ville då få mykje høgare eigedomsskatt. Selskapet Verditakst AS – på oppdrag frå Sogndal kommune – gjorde ei ny verdivurderinga av 1139 eigedommar i kommunen. For mange av desse vart taksten mangedobla.

Kommunen valte difor å gå gjennom takseringa på nytt.

Mindre å betale

Hagevik seier at skattegrunnlaget er redusert med mellom 30 og 40 prosent i snitt.

– For bustadeigedomar har vi fått eit redusert skattegrunnlag med 21 prosent, for fritidsbustader 32 prosent reduksjon, næringseigedomar 30 prosent og våningshus på 58 prosent, fortel Hagevik.

Det vil seie at det vert ei litt mindre rekning å betale for innbyggjarane i kommunen.

– Eg kan vel ikkje seie at vi kunne unngått denne situasjonen. Vi gjorde det vi skulle då vi fekk eit firma til å gjennomføre det vi internt ikkje har kompetanse på. Så har vi ei skattenemnd som har ansvar for dei avgjerdene som er tatt, seier ho.

Tekne på alvor

Kva reaksjonar trur du dette vil gje innbyggjarane?

– Eg håpar dei forstår at dei har blitt høyrt og at dei er blitt tekne på alvor. Det var nødvendigvis ikkje nivået som var feil, men metoden som ikkje har vore overprøvbar. Det er den no, seier Hagevik.

Den fungerande rådmannen seier dette ikkje vil ha noko å seie for inntektene til kommunen.

– Skatteinngangen er den same. Reduksjonen vi har fått her er relativ i forhold til førre taksering. Inngangen er ikkje påverka av endringane, forklarar Hagevik.