NRK Meny
Normal

Får private sjukehusbrev frå fylket

I kampen for å få stoppa sjukehuskutta har folk i Sogn og Fjordane teke pennen fatt og skrive sterkt personlege brev til både statsministeren og helseministeren.

Statsminister Jens Stoltenberg.

FÅR PRIVATE BREV: Statsminister Jens Stoltenberg er mottakar av ei rekkje private brev i sjukehusstriden i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Aas, Aas, Erlend

- Eg synest det er viktig at folk i området gir uttrykk for det vi meiner, og ikkje berre sit stille og ser på det som skjer, seier Asbjørn Alsaker.

Nordfjordingen er ein av mange innbyggjarar i Sogn og Fjordane, som har sendt privat brev i statsministeren for å prøve å stoppe sjukehusnedlegginga.

Reagerer på sjukehuskutt

I juni vedtok styret i Helse Førde å leggje ned lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid.

Helseministeren vil ikkje gripe inn før Helse Vest har handsama saka til hausten.

LES OGSÅ:

Det fekk Asbjørn Alsaker til å skrive eit ope brev til statsminister Jens Stoltenberg.

Meiner politikarane har ansvaret

Privat brev til Stoltenberg

TIL STATSMINISTEREN: Slike brev får statsminister Jens Stoltenberg fleire og fleire av frå innbyggjarar i Sogn og Fjordane.

Han underteikna brevet med både namnet sitt og «ein vanleg innbyggjar i Nordfjord». Her skriv han at «berre fullverdig akuttberedskap og fullverdig fødeavdeling i forsvarleg avstand kan tryggje bebuarane i distriktet vårt».

Alsaker spør statsministeren om korleis regjeringa kan ta ansvar for liva som vil gå tapt ved nedleggjing av akuttberedskap og fødeavdeling i Lærdal og på Nordfjordeid.

- Eg synest politikarane har ansvaret. Når dei går i valkamp og seier at dei vil oppretthalde sjukehustilbodet i valperioden, så bør dei halde løftet. Det er eit minimumskrav eg synest vi bør kunne stille, seier han.

- Vi stolar ikkje på Helse Førde

Helse Førde klarer ikkje halde ved like dagens helsetilbod og samstundes spare 150 millionar kroner.

Det har fått innbyggjarane i Sogn og Fjordane til å stille opp med protesttog, plakatar og slagord. Det er dessutan sendt fleire titals brev frå privatpersonar til Akersgata den siste tida.

Leiar Helge Evensen Bjørkum i Lærdal Ungdomsråd ber helseministeren stadfeste eller avkrefte om lokalsjukehusa verkeleg er freda.

- Vi sendte brev fordi vi ønskjer å fortelje kva vi meiner i saka. Vi vil seie at vi er usame med Helse Førde - og at vi ikkje stolar på Helse Førde.

- Tilbakemeldingane blir høyrde

- Eg vil seie at engasjementet i Sogn og Fjordane har vore ekstra stort, og det er tydeleg at tema som sjukehus og nærleik til sjukehustilbod vekkjer ein del kjensler - og det er noko vi må ta på alvor, seier politisk rådgjevar Tord Dale i helse- og omsorgsdepartementet.

LES OGSÅ: Bli med til lokalmedisinsk senter

Han stadfestar at departementet får ein del brev om striden i sjukehussaka.

- Tilbakemeldingane frå folk der ute er viktige for oss, og dei synspunkta og innspela som kjem fram er noko vi har i bakhovudet når vi handsamar saker, seier Dale.

Vegopning på Bergum i Førde kommune