Han er leiar i hovudutvalet for kultur og har forståing for at sogningane reagerer på at Sogn og Fjordane fylkeskommune vil pålegge alle sine tilsette å skrive «vi» i staden for «me».
- LES OGSÅ:
– Ein må vere litt liberale. Dersom det er naturleg for grupper å bruke si dialekt og sitt ordforråd, så må det vere lov å skrive. Ein må ikkje lage det til eit problem at vi har litt variasjon i dialektane våre, seier Nils Gjerland.
Vekk med a-endingar
For protestane har vore mange etter at det vart kjent at fylkeskommunen strammar inn språkreglane. I den nye språkbruksplanen forbyr dei om lag 1.800 tilsette i tillegg å bruke a-endingar.
Frå no av skal det til dømes heite «gjere» – ikkje «gjera».
- LES OGSÅ:
– Eg tykkjer planen er god, men så vart vi veldig skuffa då vi såg at vi ikkje kan skrive «me» lenger, sa Marta Sofie Vange, rektor ved Sogndal vidaregåande skule.
Forundra språkdirektør
Også direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet vart forundra.
– I nynorsk er både «vi» og «me» likestilte former, og også det å skrive «vera» eller «vere», sa han.
- LES OGSÅ:
– Eg tykkjer det blir litt dumt om dei er så firkanta som dette, sa redaktør Jan Inge Fardal i Sogn Avis, som sjølv ikkje tillèt bruken av «vi».
– Hald fram med «me»
No får dei altså politisk støtte frå utvalsleiaren frå Haukedalen i Sunnfjord. Nils Gjerland skriv sjølv «vi» og e-endingar, men har full forståing for reaksjonane i Sogn.
Til dei som brukar «me» og a-endingar, har Sp-politikaren følgjande råd.
– Det må dei halde fram med. Det er ein del av dialekta og det naturlege språket. Det er ein del av identiteten. Det som er naturleg, må ein halde fram med, seier han.
Slike uttalar varmar i Sogn.
- LES OGSÅ:
– Då blir eg veldig glad. Det veit eg veldig mange i Sogn blir, for vi har fått mykje positive tilbakemeldingar på at vi seier ifrå om at det er viktig at vi får bruke me som er fullt godkjent som sidestilte former og at vi får bruke a-infinitiv som er heilt naturleg for oss, seier Vange.
Er vedteken
Språkbruksplanen er vedteken av administrasjonen i fylkeskommunen, og treng ikkje politisk handsaming.
Fylkesrådmann Tore Eriksen er ansvarleg for dei nye språkreglane, og han understrekar at reglane ikkje gjeld i undervisingssituasjonen.
– Dette vil jo også gjelde all korrespondanse med foreldre. Då blir det litt kunstig at vi i undervisning seier at «vi» og «me» er likestilte, men at ein i Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje får lov til å bruke «me», seier Vange.
Kan bli sak
Eriksen vil ikkje kommentere reaksjonen frå Gjerland, men seier ein vil lytte til alle innspel.
Om protestane ikkje stilnar, kan språkreglane ende som sak hos fylkespolitikarane.
– Vi får diskutere det, men det har ikkje vore omsnakka så langt, seier han.