Hopp til innhold

Får pengar til vedlikehald av forsamlingshus

Prosjektet« Huset i bygda» fekk fredag overrekt ei gåve på 650.000 kroner frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane.

Banksjef Torunn Mattson overrekker gåva til Christoffer Knagenhjelm, omgitt av dugnadsgjengen på Jen

STØTTE: Får pengar til vedlikehald av forsamlingshus

Foto: Pressebilete

«Huset i bygda» jobbar med å ta vare på dei mange forsamlingshusa som finst rundt på bygdene, ikkje minst i Sogn og Fjordane. Rådgjevar for prosjektet, Christoffer Knagenhjelm, er glad for at dei no får så mykje støtte og lovar at det skal kome bygdene til gode.

– Det er eit svært viktig arbeid, og ein god måte for å synleggjere det som skjer ute i alle bygdelaga i Sogn og Fjordane. Den jobben som «Huset i bygda» gjer er viktig for å setje fokus på alle kulturhusa vi har, seier Knagenhjelm.

Samarbeid

I Sogn og Fjordane er det over 400 lagseigde kulturhus. 2016 byrja eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda, der stiftinga sette av 500 000 kroner til lagseigde kulturbygg. Ordninga har vore svært viktige for å auke både merksemd og standard på dei lagseigde kulturhusa i fylket.

– Dette er vel eit nesten evigvarande arbeid. Vi ser at det er eit stort behov for både rettleiing og økonomisk støtte. Mange av desse husa har fått ein renessanse, noko som er svært hyggeleg, seier Knagenhjelm.

Møteplassar

Kulturhusa er viktige møteplassar og er mykje brukt av alle generasjonar til sosialt samvære og variert aktivitet. Mange av husa treng difor utbetring og ombygging. Dette er kostnadskrevjande, og ein stor dugnadsinnsats frå eigarar og lokalsamfunn er avgjerande. I 2018 auka talet på søknadar frå lagseigde kulturhus med heile 265 %.

– Ein stor del av auken kan tilskrivast «Huset i Bygda» sitt arbeid med å rettleie kulturhusa. Dei har òg vore ein viktig partnar i søknadsvurderinga med sin store kunnskap om kulturhusa i fylket, seier kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.

– Eg er glad for denne tillitserklæringa. Det gode samarbeidet med Sparebankstiftinga betyr mykje for «Huset i Bygda», seier Knagenhjelm,