Får pengar til marknadsføring

Nærings- og fiskeridepartementet har løyvd 300.000 kroner til marknadsføring av den nye gondolbana i Loen. Det er selskapet Hoven Loen AS som har fått ja på søknaden om pengar til å investere i digitale verktøy for å selje og marknadsføre den luftige gondolturen. Loen Skylift vart opna av Dronning Sonja sist helg, og ordførar Sven Flo i Stryn trur bana vil føre til ein solid vekst for både reiselivet og næringslivet på heile Vestlandet.

Loen skylift
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix