NRK Meny

Får pengar til kompetansesenter

Fagskulen i Sogn og Fjordane startar i haust opp eit næringsretta kurs- og kompetansesenter. Det er klart etter at skulen i dag fekk 1,9 millionar kroner frå Regjeringa. Senteret blir ikkje ein fysisk plass, men blir eit senter som skal yte tenester på ulike fagområde til heile Sogn og Fjordane. Rektor ved skulen, Reidar Grønli, seier skulen også spyttar inn over ein million kroner i senteret. I tillegg til å tilsette ein prosjektleiar skal det brukast to millionar kroner på teknologisk utstyr.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser