Far og dotter gler seg over nyopning av hotellet

SOGNDAL (NRK): Ein stolt hotellfamilie kunne i dag vise fram den nye hotellfløya på Quality Hotel Sogndal.

Sogndal hotell

RØRTE: Hotelldirektør og pappa Jørgen Christan Lindstrøm gler seg saman med salssjef og dotter Marie Elisabeth Lindstrøm.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Vi har bygd i eitt og eit halvt år. No er dagen komen, og det er spennande, seier ein glad hotelldirektør Jørgen Christian Lindstrøm.

Hotellet har fått 111 nye rom, og dei kan ta imot 1000 konferansegjester. Restauranten og baren er også fornya.

– Vi har investert for 200 millionar kroner, så dette er eit stort løft for hotellet.

Jobbar saman

Sogndal hotell er pussa opp

PUSSA OPP: Det er brukt 200 millionar kroner på oppussing og nybygg.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Familien til Lindstrøm har drive hotell her i fem generasjonar. No har han meg seg dottera Marie Elisabeth Lindstrøm på laget. Ho er salssjef ved hotellet.

– Vi er ein kombinasjon av kollegaer og familie. Det er utruleg moro å jobbe med pappa. Eg veit kva han har drive med omtrent sidan eg blei fødd, og det er veldig spennande å ta del i det sjølv.

Ho skryt av faren sin og seier han er flink til å sjå alle.

– Han har ein lett og ledig tone, men kan også snu det til noko seriøst. Han er ein fin leiar og pappa, seier ho.

Skal feire

Jørgen Christan Lindstrøm er tydeleg rørt når han høyrer på dottera si og skal skildre korleis han ser på samarbeidet.

– Eg tykkjer vi skil rollene bra, og det er mykje positivt å seie om ho. Vi har drive hotell i fem generasjonar, og eg håper folk forstår kor mykje dette betyr for oss, seier han.

For etter utvidinga har hotellet 226 overnattingsrom, noko som gjer det til det største hotellet mellom Bergen og Trondheim.

– Det er viktig å vere størst. Vi ser at det har ein veldig marknadseffekt. Sogndal utviklar seg og då må hotellet gjere det også, seier hotelldirektøren.

– I dag feirar vi pappa, hotellet og storsatsinga han gjort, seier dottera.

Gler seg over satsinga

Senterleiar William Tangerud ved kjøpesenteret Amfi Sogningen set pris på utbygginga av hotellet. Han er ein av mange som er med på feiringa.

– Eg ser 200 festglade menneske som gler seg over det Sogndal hotell har gjort. Dette har betydning for kommunen, men også regionen. Eg trur faktisk eg kan seie heile Sogn og Fjordane. Hotellet er viktig for reiselivet, men også næringslivet.

Arne Hjeltnes på Sogndal hotell

KONFERANSIER: Arne Hjeltnes

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Også vossingen Arne Hjeltnes som er konferansier under nyopninga, er imponert over det hotelldirektøren har fått til.

– Eg tykkjer det er fantastisk at folk satsar slik som Lindstrøm gjer. Det er reiselivet vi skal leve av i fjordane og på Vestlandet framover, seier han.

Sogndal hotell er pussa opp

LØFT: Restauranten og baren er mellom det som er pussa opp.

Foto: Ola Weel Skram / NRK