Hopp til innhold

Får nytt EM i havfiske alt i 2022

Presidenten i European Federation of Sea Anglers var så imponert over Havfiskefestivalen i Måløy at han på strak arm lova nytt EM allereie i 2022

Horst Schneider, president i European Federation of Sea Anglers

IMPONERT: Horst Schneider som er President i European Federation of Sea Anglers vil attende til Måløys så fort som mogleg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Han takka for eit fantastisk arrangement i Måløy og sa at dei vil kome attende. Då braut deltakarane ut i applaus, og då bad presidenten om ro, slik at han fekk presisert at dei vil kome attende allereie i 2022, seier Sunniva Oldeide, dagleg leiar i Måløy Havfiskefestival.

Festivalen har sidan 2012 arrangert årlege havfiskefestivalar i Måløy. I år vart det også arrangert Europameisterskap i samband med festivalen. At EM deltakarane vil tilbake ved første høve, tar festivalsjefen som ei stor fjør i hatten.

– Det syner at vi har hatt eit vellukka arrangement, og for alle dei frivillige som har stått på gjennom heile veka så er dette den ultimate premien å sjå at dei har laga eit arrangement som gjer at allereie på avslutningskvelden så får vi tildelt det neste ledige europameisterskapet, seier Oldeide.

Havfiskefestival i Måløy

HAVFISKEFESTIVAL: Sjå bilete frå havfiskefestivalen og EM-arrangementet i Måløy.

Foto: Sunniva Oldeide

– Ei fantastiske veke

Oldeide meiner det for tidleg å seie noko om ringverknadane av festivalen og EM-arrangementet. Men peikar på at det har vore ei fantastisk veke for reiselivet, hotell, restaurantar, men og for utstyrsleverandørar, transportselskap og heile apparatet rundt.

– Vi ser dette som eit langsiktig prosjekt, der målet er å bygge opp Måløy som ein stor turistfiskedestinasjon. Då er ein europameisterskap med så mange nasjonar ein svært bra måte for å kome i kontakt med dei rette aktørane, seier Oldeide.

-Korleis vil du sjølv oppsumere meisterskapen?

– Eg kunne ikkje sett for meg at det skulle bli betre enn dette her. Eg trur aldri eg har vore så nøgd med nokon av festivalane som vi har hatt. At vi takla det store presset som har vore gjer meg stolt over alle som har vore med.

Eit klapp på skuldra

Oldeide er oppteken av det ikkje berre er Måløy havfiskefestival som skal ha æra.

– Framfor alt er det Nordfjord Havfiskeklubb som er den formelle arrangøren av konkurranse. Vi må og dele æra med næringslivet rundt oss, dei frivillige og heile bygda som har tatt i mot europameisterskapsdeltakarane. Det er klart at når ein sit sliten etter ei heil veke med festival, og får den nyheita., så kjennest det som eit gigantisk klapp på skuldra. Då vert ein glad, seier Oldeide.

Barnesatsing viktig

Det som EFSA-presidenten særleg hadde bite seg merke i, og som han også tidlegare har trekt fram, er det arbeidet som festivalen gjer med å presentere fisk både som næringsveg og som mat for born.

– Det er noko som EFSA har hatt lyst til å jobbe med lenge, og som presidenten ser på som eit langsiktig prosjekt. Og så kjem han hit og ser at vi allereie er der han drøymer om at resten av Europa skal vere. I tillegg så trur eg han sette veldig stor pris på arrangementet som vi laga på landsida, at vi faktisk laga ein stor folkefest ut av deira store lidenskap.