Får ny brannbil til ni millionar

Innan 2019 vil Flora brannvesen få ein brannbil med lift som vil kunne nå så høgt opp som 40 meter, skriv Firdaposten. NRK har tidlegare fortalt at brannkorpsa i fylket manglar stigebilar, og må leige lift på bygda i tilfelle brann i høge bygg. Den nye brannbilen i Florø har ein prislapp på ni millionar kroner.