Hopp til innhold

Får NHO-pris for nyskaping

AskAdam AS har vunne Nyskapingsprisen i Sogn og Fjordane. Prisen blir delt ut av John G. Bernander på NHO Sogn og Fjordane sin årskonferanse i Balestrand.

Njål og Lynn Dyveke Wilberg

FEKK PRIS: AskAdam er ei IT-bedrift starta opp av ekteparet Lynn Dyveke og Njål Wilberg på Mjømna i Gulen.

Foto: Pressefoto

NHO Sogn og Fjordane har kåra AskAdam til årets nyskaping i fylket.

Juryen vurderte AskAdam opp mot fire kriteriar, og fann at bedrifta oppfyller alle på ein svært tilfredsstillande måte: Det heiter at AskAdam er basert på nyskaping, er framtidsretta, er ein rollemodell for ungdom og viser lønsemd.

Leverer SMS-søk mot Wikipedia

AskAdam AS er ei relativt nystarta teknologibedrift, som er grunnlagt av gründerane Linn Dyveke og Njål Wilberg frå Mjømna i Gulen.

AskAdam leverer SMS-søk mot nettleksikonet Wikipedia. Etter at AskAdam lanserte sitt produkt, har også andre aktørar komme med liknande leveranse etter modell av AskAdam.

- Gründerane bak AskAdam er begge unge og høgt utdanna. Dei syner at ein kan skape sine eigne arbeidsplassar, og at ein kan vere nyskapande utanfor dei store byane, heiter det i grunngjevinga frå NHO.

100 millionar i potensial

Som vinnar i Sogn og Fjordane går AskAdam AS vidare til den nasjonale konkurransen. Vinnaren av NHO sin Nyskapingspris blir kåra i slutten av august.

Ni månader etter lansering nådde AskAdam millionomsetnad, og marknadspotensialet i tenesten er stort.

Njål Wilberg meiner sjølv at dette kan liggje på rundt 100 millionar årleg i Norden.

PS: Ask Adam AS ved Njål og Linn Wilberg vart tidlegare i vinter årets vinnarar av Sogn og Fjordane sin gründerpris for ungdom.