Får mindre pengar

Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde får 2,8 millionar kroner mindre å rutte med neste år. Det går fram av framlegget til statsbudsjett som den blå regjeringa la fram i går. I inneverande år har Lotteri- og stiftelsestilsynet eit budsjett på 76 millionar kroner. Avdelingsdirektør Bjørn Morten Øen seier at eit kutt på 3,4 prosent ikkje er dramatisk, men at det klart vil få følgjer for drifta.