Hopp til innhold

Får millionpakke for å slutte

Nok ein gong må ein rådmann i Solund kommune slutte i jobben. Kommunestyret gav denne veka rådmann Ørjan Takle ein sluttpakke. 

Ifølgje avisa Firda får Takle ein garanti om løn i eitt år etter at han sluttar, og deretter kan han få utbetalt løn i yttarlegare eitt år til dersom han ikkje klarer å skaffe seg ny jobb i mellomtida.

Dette vil truleg koste Solund kommune over ein million kroner.

- Har behandla personalsak

Ordførar Gunn Mongstad stadfestar overfor NRK Sogn og Fjordane at dei på siste møtet i kommunestyret behandla ei personalsak, og at vedtaket vil verte offentleggjort i komande veke. Utover dette vil ho ikkje kommentere saka. Heller ikkje Takle sjølv vil seie noko. 

Dårleg klima mellom den politiske toppleiinga og rådmannen skal vere grunnen til at Takle måtte gå. Ifølgje Firda skal misnøyen mellom anna gå på manglande målstyring og måloppnåing, og at politiske vedtak ikkje vert følgt opp som venta. 

Mykje turbulens

Dette er ikkje første gongen det er turbulens mellom rådmannen og politikarane i den vesle kommunen. For seks år sidan sa tidlegare rådmann, Ingvar Haug, opp stillinga si og forlet Solund kommune. To år seinare, i 2002, truga noverande rådmann Ørjan Takle med å gå av då han kom i konflikt med kommunestyret. Takle nekta den gongen å utføre kutta som politikarane hadde vedteke.