NRK Meny
Normal

Får millionbot for rømd regnbogeaure

I 2012 rømde 123.000 regnbogeaure frå oppdrettsanlegget til Firda Sjøfarmer i Gulen. No har dei fått to millionar i bot.

Firda sjøfarmer sitt anlegg ved Leiholmane i Gulen

MILLIONBOT: Firda Sjøfarmer i Gulen må no ta stillling til om dei vil vedta bota på to millionar kroner.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

I utrekninga av bota er det teke omsyn til økonomien til selskapet, at dei har blitt bøtelagde tidlegare, samt alvorlegheitsgraden til det som har skjedd.

– Vi har valt å gje dei ei føretaksstraff på to millionar kroner, seier politiadvokat Ole Bjørn Mevatne ved Hordaland politidistrikt.

Ser på lovbrota som alvorlege

Firda Sjøfarmer får bota for at dei ikkje drive miljømessig forsvarleg, mellom anna fordi dei ikkje sette inn tiltak for å avgrense faren for rømming.

– Vi har lagt vekt på at det er ein utsett lokalitet for vêr og vind, som krev ein del for å hindre at det går gale når det er dårleg vêr. Det andre er at dei ikkje melde ifrå til Fiskeridirektoratet innan fristen, slik dei er lovpålagde, seier han.

Mevatne meiner det er snakk om eit alvorleg lovbrot.

– Rømming av oppdrettsfisk frå sjøanlegg er svært skadeleg for miljøet, fordi ein får utslepp av ein ikkje-naturleg art i norske farvatn. Dette er ei stor næring som vi må forvente tek dei nødvendige tiltaka for å drive på ein sikker måte, seier han.

Regnbueørret fanget på Hitra

FRAMAND ART: Påtalemyndigheita meiner rømminga er ei alvorleg sak på grunn av skadene det påfører miljøet.

Foto: Tone Iversen / NRK

Etterforskinga har teke tre år

Avgjerda vart sendt frå statsadvokaten måndag, og det er no opp til oppdrettaren om dei vil vedta bota, eller koma med innvendingar og eventuelt ta ein ny runde i retten.

Tre år har gått sidan rømminga skjedde. Politiadvokat Ole Bjørn Mevatne seier Firda Sjøfarmer har fått avslag for den lange tida som er brukt på å etterforske saka, men seier han ikkje kan setje ein sum på kor stor rabatten er.

Derimot vil oppdrettaren få ein konkret rabatt dersom dei vedtek bota utan ein ny rettsrunde.

– Dersom dei vel å gå til retten blir bota auka til 2,4 millionar, seier Mevatne.

Vil ikkje kommentere enno

Administrerande direktør Carl-Erik Arnesen i Firda Sjøfarmer AS seier at dei enno ikkje har teke stilling til om dei vil godta bota. I ei pressemelding skriv selskapet at dei tek rømmingstryggleik på største alvor og at dei beklagar all rømming uansett årsak og om selskapet kan lastast for hendinga.

I pressemeldinga skriv Arnesen at dei ikkje har høyrt frå politiet om saka på eitt og eit halvt år.

Oppdrettsanlegget i Gulen slapp i mars 2012 ut store mengder regnbogeaure. Dei har no fått ei bot for ugjerninga. Arkivbilete frå 2012

VIDEO: Oppdrettsanlegget i Gulen slapp i mars 2012 ut store mengder regnbogeaure. Dei har no fått ei bot for ugjerninga. Arkivbilete frå 2012.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå