NRK Meny

Får lysregulering

Askvollkrysset i Førde skal bli utbetrast og bli lysregulert. Det har eit samrøystes bystyre vedteke, skriv Firda. Krysset der E39 og Fylkesveg 609 møtes er kjent for å vere eit problemkryss med mange trafikkuhell og ulukker. Vegkrysset er del av Førdepakken og arbeidet med å utbetre det startar i 2017 og skal etter planen stå ferdig i 2019.