NRK Meny

Får løyve til kraftleidning

Utbyggarane av det planlagde Dalsbotnfjellet vindkraftverk i Gulen får lov å bygge ein 19 km lang kraftleidninga som gjer at kraftverket blir kopla på kraftnettet. NVE meiner den traseen dei no har gjeve løyve til, er den som gjev minst negative verknader for landskap og bustadområde. Zephyr har tidlegare fått konsesjon av NVE til å byggje kraftverket med 45–60 vindturbinar, noko som kan gi straum til 22.000 husstandar, men dette er påklaga.

Dalsbotnfjellet vindkraftpark
Foto: Zephyr AS