NRK Meny
Normal

Får løyve til basehopping

Nærøyfjorden landskapsvernområde har gjeve løyve til basehopping i Aurland i samband med Ekstremsportveko på Voss. Dermed er arrangementet sikra løyve fram til 2018.

Basehopp

BASEHOPPING: Får drive med basheopping i Aurland i samband med ekstrempsortveko

Foto: Anders Vevatne Hereid / Scanpix

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, har vore mot at det blir gjeve løyve til hopping, men i møte vart forslaget hans om å seie nei nedstemt. Dei fire andre representantane sa ja til å gje løyve.

Noralv Distad

HAR IKKJE GITT OPP: Ordførar i Aurland, Norlav Distad

Foto: pressefoto

– I fjor hadde vi tre tragiske dødsfall. Vi ser at sporten utviklar seg med at det blir tatt større sjansar. Det er nytt utstyr, større fart og meir filming, ein flyr nærare fjellveggen.

– Det er heile tida fokus på det spektakulære, og det er ikkje ei trygg utvikling, seier Distad.

Glad for avgjerd

For ekstremsportveko på Voss har basehopping i Aurland alltid vore eit viktig innslag og avgjerda til Nærøyfjorden landskapsvernområde blir difor godt motteken.

– Eg er kjempeglad. Når vi no har fått løyve til 2018, betyr det at vi kan planlegge langsiktig. Det seier Kjersti Eide som er ansvarleg for basehoppinga under ekstremsportveko.

Har ikkje gitt opp

Ordføraren i Aurland har likevel ikkje gitt opp håpet forbod mot basehopping i kommunen.

– Saka ligg framleis i justisdepartementet. Vi sende inn førespurnaden i fjor og har purra på svar frå departementet.

Han håpar at departementet vil gi kommune heimel til å stogge basehopping i området som dei meiner er farlege, og at blir stilt krav til utstyr.

– Dette kan ikkje vere ein sport heilt utan restriksjonar.

I Trollveggen er det i dag forbod mot basehopping, men det er på grunn av mykje laus stein og at det er eit farleg område. Eide som er ansvarleg for basehopping under ekstremsportveko trur ikkje eit generelt forbod er vegen å gå.

– Det ville vore kjempetrist. Det går an å drive denne sporten på ein fornuftig måte. Sjølvsagt kan ein vere uheldig eller ta dumme avgjerder noko som får store konsekvensar for den det gjeld, og dei pårørande. Men forbod er eg i mot.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.