Hopp til innhold

Kristian Fardal Opseth skaffa straffe og var nær nettkjenning då Sogndal slo Start

Kristian Fardal Opseth fekk sjansen frå start då Sogndal målte krefter med Start på La Mange i Spania søndag.

Kristian Fardal Opseth

SKAFFA SOGNDAL STRAFFE: Kristian Fardal Opseth skapet mykje bry for Start-forsvaret.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport.no

Det enda med 2-1 til Sogndal, og spissen frå Kaupanger var i høgste grad delaktig i sigeren, seier sportsleg leiar Håvard Flo i Sogndal Fotball.

– Han brukte seg sjølv, var god som oppspelspunkt og han synte gode avsluttareigenskapar. Han har nase for mål, og med litt tur kunne han lett ha sett inn eit par mål, i tillegg til at han skaffa oss eit straffespark.

Akkurat det er Opseth sjølv nøgd med, men han irriterer seg over brende sjansar.

– Eg er nøgd med det eg gjorde i første omgang, men det er irriterande med sjansane eg bomma på, det er litt surt i ein slik kamp. Det var sjansar eg normalt skårar på.

Ørjan Hopen

SLO TIL MED VENSTRESLEGGA: Ørjan Hopen viste gamle takter mot Start.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport.no

Kampen starta godt for Sogndal. Alt etter to minutt sette Ørjan Hopen inn 1-0, etter at Eirik Bergum Skaasheim hadde lagt ein lissepasning 45 grader ut i feltet. Hopen brukte venstrefoten kontant og presist, ballen sat klistra i vinkelen.

Opseth skaffa straffespark

Så utlikna Start ved ei heading frå Sander Lind etter 26 minutt. Rett etter hadde Kristian Fardal Opseth ein god sjanse, men skotet hans strauk tverrliggaren.

Kaupingen som er på prøvespel skapte i minutta som fylgde mykje bry for Start-forsvaret, og det enda med at han vart klipt ned. Dommaren bles straffespark til Sogndal. Det sette Malick Mane inn, og dermed stod det 2-1.

Malick Mane

SETTE INN STRAFFE: Malick Mane ( i midten) blir gratulert av Ulrik Flo (t.v.) og Ørjan Hopen etter straffeskåringa si.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport.no

– Gjorde sakene sine bra

I andre omgang fekk Mathias Dyngeland vist at han er ein god keeper, etter fem minutt varta han opp med ei kjemperedning. Det gjorde også Start-keeperen då Kristian Fardal Opseth breisida ballen mot mål i det 59. minutt. Det ergrar Opseth at han ikkje var meir presis der.

– Eg hadde blankt mål, men trefte feil, ballen traff hælen i staden for innsida av foten, dermed gjekk skotet midt i mål, og keeperen gjorde eit tigersprang og fekk redda.

Sportsleg leiar Håvard Flo meiner Opseth gjorde ein god kamp.

– Han gjorde absolutt sakene sine bra. Han har hatt ein fin periode her nede og fått mykje ekstra trening. Han har litt å gå på reint fysisk, men det er noko som kan rettast på.

Og akkurat på det fysiske er Opseth sjølv samd i at han ikkje er heilt på topp enno.

– Eg vart sliten på slutten og greidde ikkje gjere arbeidsoppgåvene mine skikkeleg. Men det er slikt som intensiv trening kan gjere noko med.

Kristian Fardal Opseth er eigentleg Førde-spelar, men han fekk sjansen til å vise seg fram i Sogndal-drakta, då lagkameraten Øystein Myrkaskog overraskande sa nei til eit tilbod frå eliteserieklubben.

Sportsleg leiar Håvard Flo er godt nøgd med både resultat og spel i dei to kampane Sogndal har spelt på La Manga. Torsdag vart det 1-0 over Aalesund. I den kampen prøvde dei ein 3-5-2-formasjon, mot Start var det 4-4-2.

– Vi har rullert på laget og gitt fleire spelarar sjansen til å vise seg fram, og det ser bra ut.

Også Tim Nilsen var bra

Ein annan spiss som fekk vist seg fram var Tim Nilsen får Nest Sotra. Trenar Jonas Olsson var nøgd med begge dei to prøvespelarane.

– Både Tim og Kristian gjorde det veldig bra. Det er aldri lett å kome inn og spele på eit høgare nivå, og dessutan spele med folk ein ikkje kjenner godt. Ut frå føresetnadene var det absolutt bra.

No håpar Kristian Fardal Opseth at han får sjansen til å vere med mot Brann onsdag og at det han har vist kan gje han ein plass i Sogndal-stallen komande sesong.

Sogndal hadde denne startoppstillinga mot Start: Mathias Dyngeland - Eirik Skaasheim, Azar Karadas, Bjørn Inge Utvik, Taijo Teniste, Malick Mane, Helge Haugen, Ulrik Flo, Ørjan Hopen, Tim Nilsen, Kristian Fardal Opseth.