Får lov til å bygge turisthytte i nasjonalpark

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre har gitt grønt lys for bygging av ei turisthytte på Sunndalssetra. Naturvernforbundet rasar og meiner ei hytte vil auke ferdselen og setje for mykje spor i naturen.

Sunndalssetra

HYTTE: Det er her ved Sunndalssetra i Stryn kommune at DNT Oslo og omegn vil setje opp ei turisthytte.

Foto: Maria Collett Knagenhjelm

Det er DNT Oslo og omegn som ynskjer å bygge ei sjølvbetjeningshytte for 12 personar på Sunndalssetra i Jostedalsbreen nasjonalpark. Setra ligg i Stryn kommune.

Forvaltinga av nasjonalparken rådde styret til å seie nei til søknaden fordi konsekvensane blir for store. Villreininteressene har protestert. Men i styremøte måndag føreslo styreleiar Ivar Kvalen å gå i mot tilrådinga, og fekk med seg seks av sju medlemmer.

Det reagerer Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane sterkt på.

– Eg tykkjer dette høyrest spesielt ut, og spesielt at det er DNT som står bak søknaden. Dette vil auke trafikken i området og vi må vurdere om det blir for mange spor og tråkk etter menneske i forhold til kva nasjonalparken skal verne om, seier leiar Marit Vøien Nes.

Marit Vøien Nes

REAGERER: Leiar Marit Vøien Nes i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Naturvernforbundet

Betre oppleving

Styreleiar Ivar Kvalen meiner at ei hytte i Sunndalen vil gje brukarane av nasjonalparken ei betre oppleving.

– Hytta kan nyttast som utgangspunkt for dagsturar i Sunndalen, som er ein av dei vakraste dalføra i nasjonalparken. DNT har ynskt dette i mange år og presenterte no ei løysing som vi meiner er akseptabel, seier Kvalen.

I DNT Oslo og omegn passar ei hytte i Sunndalen godt inn i planane om å forbetre rutenettet og legge til rette for korte og lange turar.

– Sunndalssetra er eit turmål i seg sjølv. Her ligg det til rette for å fortsetje innover breheimen, seier eigedomssjef Jan Erik Reiten.

Sunndalssetra

TOMTA: Her skal hytta byggast. Den er på 93 kvadratmeter og inneheld 12 sengeplassar. Uthuset er på 15 kvadratmeter.

Foto: Maria Collett Knagenhjelm

Fryktar auka ferdsle

Men det er akkurat det villreininteressene på austsida av nasjonalparken fryktar.

– Går hyttegjestene i nærområdet vil det fungere fint. Men vi veit at kjem det ei DNT-hytte på Sunndalssetra så vil det ikkje bli mindre ferdsle i Raudalen, seier sekretær Tor Taraldsrud i villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen.

– Vi er redd for at ferdselen blir så stor at villreinen blir skremt. Raudalen er ein av dei få dalføra i landet som nesten ikkje har menneskeleg aktivitet. Her går villreinen og beiter nede i dalbotnen, seier Taraldsrud.

Styret i Jostedalsbreen nasjonalpark

STYRET: Styret i Jostedalsbreen nasjonalpark ved Sunndalssetra.

Foto: Anne Rudsengen

Bør behalde

Men styreleiar Ivar Kvalen meiner styret si oppgåve er å legge til rette for at fleire kan nytte nasjonalparken.

– Denne hytta er heilt ideell for barnefamiliar. Både nasjonalparkstyret og DNT meiner det er liten sjanse for auka ferdsle inn i Raudalen. Då snakkar vi om fotturar på 10 timar, seier Kvalen.

Ivar Kvalen

SNUDDE: Styreleiar Ivar Kvalen i Jostedalsbreen nasjonalpark.

Marit Vøien Nes i Naturvernforbundet er derimot ikkje overbevist. Ho beklagar at Kvalen fekk med seg fleirtalet i nasjonalparkstyret og sa ja til hyttebygging i det sårbare området.

– Eg meiner det er veldig viktig at vi klarer å behalde nasjonalparkane. Å auke trafikken med hyttebygging og det som skal til for å få opp dette, kan forstyrre store område på sikt, seier Vøien Nes.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.