Tidlegare i dag høyrde vi at tre fødande kvinner frå Bremanger dei siste to vekene har blitt sende til sjukehuset i Førde mot sin vilje. Alle ynskte dei å føde på Nordfjordeid.
Men klinikksjef Øen seier dette var ein feil.
- Vi vil no hente pasientar i Skatestraumen og skysse dei til Allmenningen, på andre sida av Nordfjorden. Dermed kan dei fødande bli køyrde til Nordfjord sjukehus for å føde der. Årsaka til at dette ikkje vart gjort i dei tre tilfella, var kommunikasjonssvikt hos ambulansetenesta, seier Øen.