Hopp til innhold

- Ein gledens dag! Regjeringa hostar opp viktige midlar til ferjekommunar

Regjeringa snur og gir likevel fylkesvegnettet same ferjeavløysingsordninga som riksvegnettet. - Eg er veldig glad, seier ordførar Frida Melvær i Askvoll.

Frida Melvær

GLEDENS DAG: Ordførar i Askvoll, Frida Melvær, trur Atløysambandet kan bli framskubba som følgje av den nye ferjeavløysingsordninga. - Ein gledens dag, seier Melvær.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– No ser vi at ferjeavløysingsprosjekta våre kan bli realisert mykje raskare. Ho håpar at Atløysambandet kan bli skubba fram i tid, seier ordførar Frida Melvær (H).

Regjeringa har i samarbeid med Venstre og Krf blitt einige om ferjeavløysingsordninga. Dette er ei ordning der ein vidarefører ferjetilskotet i minst 40 år når ein byggjer bru eller tunnel for å erstatte ei ferje.

For Askvoll kommune vil ferjeavløysingsordninga vere viktig for å kunne få på plass Atløysambandet. Sambandet vil binde Atløy med sine om lag 500 innbyggjarar saman med fastlandet, og kommunesenteret i Askvoll.

– Vi meiner vi har eit godt prosjekt i utgangspunktet, og med ei utviding til minst 40 år vil dette bli enno meir gunstig, seier Melvær.

Regjeringa vart samd med Krf og Venstre

– Dette skal vere ei permanent ordning som baserer seg på same ordninga som for riksvegnettet med 40 års nedbetalingstid. Det seier fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik.

Grunnen til at Regjeringa snur er rett og slett at Regjeringa glippa på inntektssystemet seier Djuvik.

– For Sogn og Fjordane er dette veldig viktig. dette vedtaket er heilt i tråd med det fylkesutvalet har bede om, og det betyr fleire hundre millionar kroner i auka vegmidlar.

– Dette betyr at prosjekt i Sogn og Fjordane som Kystvegen, Ytre Steinsund og Atløysambandet kan realiserast heilt eller delvis med bruk av ferjeavløysing. Dette er viktige samferdsleprosjekt i Sogn og Fjordane, seier Djuvik.

Glede i Solund

For ordføraren i Solund er også ferjeavløysingsordninga ei gledeleg nyheit.

– Det betyr at ein del viktige vegprosjekt i Sogn og Fjordane står mykje nærare å bli realisert, seier ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen.

Han håpar særskilt at bru over Ytre Steinsund kan bli realisert som har vore prioritert.

Djuvik trur ordninga kan bli klar i løpet av året ettersom det er semje om ordninga i Stortinget.