Hopp til innhold

Fryktar for helsa til slagpasientar

Helse Førde får skarp kritikk for å sommarstenge dei to einaste rehabiliteringstilboda ved Førde sentralsjukehus.

Sentralsjukehuset i Førde.

Førde sentralsjukehus sommarstengjer avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, og revmatologisk avdeling i fire veker i sommar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Pårørande meiner tilbodet for å trene opp att slagpasientar i utgangspunktet er for dårleg. Pårørande fryktar for helsa til slagpasientar når avdelinga attpåtil skal stengast.

- Det er heilt grusomt for dei stakkarane som blir råka i denne perioden. Eg skjønar ikkje korleis det skal gå. Dei får sjølvsagt hjelp, men opptrening er veldig viktig straks etterpå, seier ho.

Pleiepasient

Mannen til Møvik er i dag lenka til rullestolen og er pleiepasient på sjukeheimen.

Ifølgje Møvik hadde situasjonen ikkje trengt å vere slik om rehabiliteringstenesta i Helse Førde hadde vore betre.

- Han fekk 14 dager opptrening. Det var ingenting. Sidan er han blitt dårlegare, og kan ikkje stå på beina. Det tykkjer eg er heilt forferdeleg. Dei hadde spart ein sjukeheimsplass om dei hadde trena han litt meir i foten. Då kunne han vore heime, seier ho.

- Har krav på hjelp

Tal frå Norsk forening for slagrammede viser at 40 personar dagleg blir råka av slag i Norge. Ifølgje Folkehelseinstituttet var det ingen andre stadar i landet enn i Sogn og Fjordane at det døydde fleire menn av hjerneslag i 2004.

Likevel stengjer Helse Førde avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, og revmatologisk avdeling i fire veker i sommar.

- Eit avbrot i behandlingskjeden betyr at pasienten blir sett fleire månadar attende i opptreninga. I løpet av fire til seks veker, så vil det vere nokre i Sogn og Fjordane som får slag. Dei vil då ikkje få denne opptreninga som dei har både krav på og behov for, seier leiar i foreininga for dei slagråka, Arne Hagen.

Får akutthjelp

Direktør ved medisinsk klinikk i Helse Førde, Arve Varden, seier sommarsteninga berre vil gå utover pasientar med planlagd rehabilitering.

- Alle som har behov for akutthjelp får sjølvagt eit tilbod. Dei som har akuttbehov får hjelp på nevrosida på vår avdeling. Planlagde kjem til oss seinare, altså når dei fire vekene er over, seier Varden.