Får kritikk for manglande vedlikehald

Statens vegvesen får kritikk for manglande vintervedlikehald etter ein kjedekollisjon i Lærdal i fjor.

Trafikkulukke i Lærdal

KJEDEKOLLISJON: Ein alvorleg skadd og ein lettare skadd i kjedekollisjon i Lærdal i fjor.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ein 45 år gammal mann vart alvorleg skadd, ein annan lettare skadd i ulukka der tre vogntog, ein lastebil og ein varebil var involverte.

Ulukka skjedde på E16 natt til fredag 6. april i fjor.

– Vi har konstatert at det var svært glatt på vegen då det skjedde. Vi har sett at både entreprenøren og Statens vegvesen har eit forbetringspotensial, seier Rolf Mellum, som er avdelingsdirektør i Statens Havarikommisjon.

Klink is

Etter ulukka fortalde sjåfør Kai Roger Gjelsvik at då han kom til ulukkestaden vart det klink is.

– Det var ikkje vits i å bremse. Det gjekk rett fram, og der stod det fleire bilar som alt hadde kollidert, sa Gjelsvik til NRK den gong.

Etter samanstøyten sprang han frå bilen for å unngå å bli treft av andre bilar som kom bak.

FILMA ULUKKA: Dashbordkameraet i bilen til Kai Roger Gjelsvik fanga opp ulukka.

Får kritikk

I rapporten frå Statens havarikommisjon, som har granska ulukka går det fram at:

«Undersøkelsen avdekket at kvaliteten på entreprenørens beslutninger for driftstiltak, gjennomføring av driftstiltak, dokumentering av veibanetilstand og kontrollerende tiltak har vært mangelfull.»

I rapporten frå havarikommisjonen går det fram at entreprenøren ikkje salta vegen dei siste ni timane før ulukka. Siste kontroll av vegnettet var gjort klokka 12 to dagar før ulukka. Det var heller ikkje gjort målingar for å dokumentere at krava til veggrep i driftskontrakten var oppfylt.

– I vår konklusjon skriv vi at det kanskje er behov for eit betre regime for tiltak frå entreprenøren og oppfølging frå Statens vegvesen, seier Mellum.

Manglande oppfølging

Statens vegvesen får kritikk for at dei som byggherre ikkje i tilstrekkeleg grad har følgt opp og kvalitetssikra vinterdrifta som vart utført av den innleigde entreprenøren.

I rapporten skriv Statens havarikommisjon at denne og tidlegare undersøkingar har synt at det er behov for å styrke oppfølging og kvalitetssikring av vinterdrifta.

– Vi har gjort fleire undersøkingar gjennom mange år som har vist at ein slit med å sikre målsetting om veggrep som er sikkerheitsmessig godt nok for trafikantane, seier Mellum.

Kan bli betre

– I forhold til det som står i kontrakten så har ikkje vi noko å utsette på entreprenøren. Men det er klart at vi alltid kan bli betre, seier Svenn Egil Finden, som er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

For å sikre betre kvalitet på vintervedlikehaldet og betre oppfølging av entreprenørane frå Statens vegvesen side foreslår havarikommisjonen ein tredjepartskontroll. Det vil seie at det skal utarbeidast eit felles sett med krav som skal brukast i utarbeidinga av kontrakter.

– I utgangspunktet er det krav om sertifisering av entreprenørane i kontraktene allereie i dag, seier Finden.