Hopp til innhold

Solhjell får kritikk for innsidelovbrot

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) får kritikk for å ha gitt kurssensitiv informasjon til journalistar i mars.

Bård Vegar Solhjell

FÅR SMEKK: Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell får kritikk for å ha gitt kurssensitiv informasjon til journalistar.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Det skriv Finansavisen. Finanstilsynet kritiserer Solhjell for å ha gitt informasjon om selskapet Nordic Mining til journalistar medan børsen var open.

Solhjell orienterte om at han ville ha meir tenkjetid for han handsam søknaden frå Nordic Mining om gruvedrift i Naustdal.

Dette blei publisert i eit nettavis før sperrefristen og før Nordic Mining hadde sendt børsmeldinga. Dette førte til at Nordic Mining-aksjen stupte på børsen.

Solhjell blei først meldt til Økokrim som la vekk saka. Men no gir Finanstilsynet smekk på fingrane til Solhjell. Dei meiner han burde vore meir forsiktig i handteringa av informasjonen han hadde.

I brevet frå Finanstilsynet står at det er grunn til å tru at offentleggjeringa var det som utløyste kursfallet. Miljøverndepartementet strammar no inn rutinane sine.