Hopp til innhold

Regjeringa får krass kritikk for hemmeleghald i E39-saka

Regjeringa får kraftig kritikk for hemmeleghald i samband med E39-avgjerda i Nordfjord. Regjeringa bestemte seg for indre lina via Stryn, men nektar å offentleggjere den faglege tilrådinga for avgjerda.

Montasje: Trude Brosvik og Erna Solberg

KRITISERER REGJERINGA: Fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik er kritisk til Erna Solberg og regjeringa sitt hemmeleghald i E39-saka.

Foto: FOTOMONTASJE: Erlend Blaalid Oldeide/Siv Sandvik / NRK

Fleire politikarar er kraftig provoserte over hemmeleghaldet. Ein av dei er fylkesleiar Trude Brosvik i Kristeleg Folkeparti.

– Saka verkar meir og meir underleg. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen er nesten ikkje på banen. Når det så er statsministeren som uttaler seg om saka så tyder det på at dette er ei partipolitisk avgjerd.

Trass at dei fleste rapportar har peika på at midtre line gjennom Gloppen og Eid ville vere den beste stamvegløysinga i Nordfjord, valde Regjeringa likevel å gå for indre line. Brosvik reagerer på at vi ikkje får vite grunnlaget

– Når ein ikkje får vite innstillinga frå departementet og fagstatsråden så synest eg det er veldig spesielt.

Hemmeleghald og spekulasjonar

Regjeringa har i lengre tid enn venta på å avgjere kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord. Dette har ført til til spekulasjonar om intern usemje i Regjeringa, og om statsminister Erna Solberg overprøvde samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen då ho offentleggjorde indre line via Stryn.

– For det første meiner eg at ein ikkje skal høyre på rykte. Eg kjem aldri til å kommentere dette. Regjeringa har fatta ei avgjerd og det er ingen som kjem til å ta dissens, seier Statsminister Erna Solberg

Vil ikkje offentleggjere

Spekulasjonane har ikkje vorte mindre etter at samferdselsministeren nektar å offentleggjere den faglege innstillinga si. Statssekretær Jon Georg Dale held fast på at innstillinga frå Solvik Olsen ikkje vil bli offentleggjort, og avviser at det har vore intern usemje i regjeringa.

Interne saksdokument er interne saksdokument.

Jon Georg Dale
Jon Georg Dale, statssekretær i Samferdselsdepartementet

VIL IKKJE OFFENTLEGJERE INNSTILLING: Statsekretær Jon Georg Dale

Foto: Samferdselsdepartementet

– Det ser ikkje vi behov for sidan det først og fremst er interne saksdokument At det no går rykte om usemje i regjeringa kan vi avkrefte. Det er inga usemje i regjeringa om det valet som er tatt.

– Men det hadde vore veldig enkelt for deg å avkrefte ei eventuell usemje i regjeringa ved å leggje fram Solvik Olsen si innstilling. Men du nektar å leggje fram innstillinga. Er ikkje det litt merkeleg?

– Nei, det er ikkje merkeleg at regjeringa forheld seg til vanlege saksprosedyrer. Interne saksdokument er interne saksdokument.

Oppgitt ordførar

Sentarparti-ordførar Anders Ryssdal i Gloppen er oppgitt.

– Det burde kome fram kva som var den opphavlege tilrådinga frå Solvik Olsen. Det har noko med tilliten til dei styrande å gjere.

Sint på eiga Regjering

Tore Hjelle, nestleiar i Eid Høgre, er fortvilt over si eiga Regjering.

– Det Regjeringa har gjort i denne saka er veldig provoserande. Det er heilt tydleg at det er gjort eit vedtak som går på tvers av dei faglege tilrådingane. Elles hadde det ikkje vore noko problem å offentleggjere Solvik Olsen si innstilling, seier han.

Opprørte partileiarar

Det er uhøyrt dersom Solvik-Olsen er overprøvd.

Knut Arild Hareide

KrF-leiar Knut Arild Hareiede er opprørt.

– Eg vil ikkje seie at eg er overraska om det har vore splitting intern i regjeringa. Men dertil meir uhøyrt er det dersom statsministeren har overprøvd sin eigen fagstatsråd på ei så viktig samferdslesak. Også Venstre-leiar Trine Skei Grande meiner det er ille dersom Solvik Olsen er overprøvd.

Det tyder på at regjeringa har noko å skjule.

Trude Brosvik

Brosvik på si side meiner at regjeringa har noko å skjule sidan dei nektar å offentleggjere Solvik Olsen si innstilling.

– I ei så viktig sak som kvar du legg E39, og når du vel å sjå vekk frå dei faglege tilrådingane, vel ein heilt annan argumentasjon for fylket i midten, enn det regjeringa har brukt i Hordaland og Møre og Romsdal. Då har folk krav på å få vite kvifor