Hopp til innhold

Får kritikk for å bruke lang tid på flyktningsak

Lærdal manglar ein tydeleg flyktningpolitikk, meiner SV, som over lengre tid har etterlyst ein klar handlingsplan.

Jan Geir Solheim

LANG TID: Jan Geir Solheim lova å ha klar ein handlingsplan for flyktningpolitikk i starten av september. Den har ikkje kome.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I juni lova ordføraren i Lærdal, Jan Geir Solheim, å ha ferdig planen til 1. september, men han har framleis ikkje kome med noko.

Kommunen skal ta i mot 88 flyktningar innan 2017. Det begynner å haste, meiner Anna Jorunn Avdem i SV.

– Eg føler at vi ikkje heilt har ein samla plan for å greie å få dette på plass på ein god måte, seier ho.

Etterlyste ein plan i juni

Anna Jorunn Avdem

KRITISK: Anna Jorunn Avdem i SV.

Kommunen har sagt ja til å ta imot 60 flyktningar som i dag sit på mottak og i tillegg opna for å ta imot 28 flyktningar frå Syria innan utgangen av 2017.

– Då er det viktig at vi handlar rett, for det er store utfordringar vi står ovanfor, seier Avdem.

I juni i år under eit kommunestyremøte, etterlyste Avdem ein samla flyktningpolitikk for Lærdal.

– Då svarte ordføraren at vi skulle ha ei sak klar innan 1. september. Då nemnde han stikkord som bustadpolitikk og språkopplæring. Det blir jo gjort ein bra jobb, for så vidt, men er det sagt at det skal kome ei sak til 1. september, så forventar eg at den saka kjem, så det er litt kritikkverdig at den ikkje har kome, seier SV-politikaren.

Forklarar det med kapasitetsproblem

Senterparti- ordførar Jan Geir Solheim beklagar at dei enno ikkje har fått til ei sak. Han forklarar at det er fleire grunnar til det, blant anna kapasitetsproblem.

– Det som har teke mykje av tida til flyktningkonsulenten vår er å ta imot flyktningar og klare å finne hus til dei. Vi har ei utfordring med å finne ledige husvære i Lærdal og det er det som avgrensar oss. Vi har ikkje klart å gjere ferdig planen for det, men vi har allereie teke imot syriske flyktningar, altså.

Solheim seier han trur dei vil kunne ha klart ein samla flyktningpolitikk før nyttår.

– Det som er viktig i denne saka er at vi tek imot flyktningar så fort vi kan og så fort vi har hus til dei.