Hopp til innhold

Årdal får kritikk etter trippeldrapet

Årdal kommune burde ha styrka helsetilbodet då dei over natta fekk 151 nye asylsøkjarar. Samstundes meiner fylkeslegen at det kan vere grunnlag for å gjere seg tankar kring etableringsprosessen av mottaket.

Kripos på åstaden ved Holsbruvatnet

HAR GRANSKA HELSETILBODET: Fylkeslegen i Sogn og Fjordane har vurdert om Årdal kommune gav asylsøkjarane i kommunen eit godt nok helsetilbod. Ein asylsøkjar er sikta for å ha drepe tre personar i denne bussen 4. november i fjor.

Foto: Christian Blom

Det skriv Fylkeslegen i Sogn og Fjordane i sin konklusjon i tilsynssaka som vart oppretta mot kommunen.

Fylkeslege Per Stensland finn likevel ikkje grunnlag for å kople mangelfullt helsetilbod til det tragiske trippeldrapet om bord i Valdressekspressen 4. november i fjor, skriv Sogn Avis.

– Vi har gått igjennom legejournalen og sett på tilbodet som asylsøkjaren har fått. Ut frå ei heilskapeleg vurdering har vi ingen grunnlag til å kople desse to tinga saman, seier Stensland til NRK.no.

Styrkja ikkje helsetenesta

Ein asylsøkjar som var busett på mottak i Øvre Årdal sit varetektsfengsla sikta for drapet på bussjåføren og to medpassasjerar om bord i Valdrekseksressen.

Kort tid etter drapa varsla Fylkeslegen i Sogn og Fjordane at dei starta tilsynssak mot kommunen si helseteneste.

Ifølgje Sogn Avis går det av avgjerda i tilsynssaka fram at det ikkje var fagleg forsvarleg at kommunen ikkje styrka helse- og omsorgstenesta då det vart oppretta eit nytt asylmottak sommaren 2013.

Måtte sjølv be om legesjekk

Per Stensland

AVSLUTTAR: Fylkeslege Per Stensland avsluttar og ser ikkje grunnlag for å gå vidare med tilsynssaka mot Årdal kommune.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kommunen får også kritikk for å berre å ha tilbode legetenester viss asylsøkjarane sjølve følte behov for dette. Kommunen gav ikkje aktivt tilbod om helseundersøking.

– Dette er ikkje i konflikt med minstekravet i regelverket, men vi meiner at den spesielle situasjonen, med så mange som kjem frå eit konfliktområde i verda, må kunne ventast å bere med seg potensielle traumar. Då ville det vere god praksis å kunne tilby aktivt tilbod om helseundersøking, seier Stensland til NRK.no.

– Kor krass er kritikken mot Årdal kommune?

– Vi peikar på at det ikkje var fagleg forsvarleg då dei i ein situasjon med knapp bemanning på legesida lot vere å forsterke helse- og omsorgstenesta.

– Ser på saka

Rådmann i Årdal, Frank Westad, seier til NRK.no at kommunen no går igjennom skrivet frå fylkeslegen og at dei skal sende skriftleg tilbakemelding over helga.

Dei ynskjer difor ikkje å kommentere saka på noverande tidspunkt.

Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid har tidlegare uttalt til NRK at han var skuffa over at Fylkeslegen valde å opprette tilsynssak mot kommunen etter trippeldrapet.

– Avsluttar tilsynssaka

Fylkeslegen seier saka no blir avslutta frå deira side.

– Vår vurdering er ei avgjerd om å ikkje gå vidare med den i tilsynssamanheng, seier Stensland.

Ein kopi av saka blir likevel sendt Helsedirektoratet ettersom han meiner at det kan vere grunnlag for å gjere seg tankar kring etableringsprosessen av slike mottak.