Hopp til innhold

Mange får byggje i strandsona – praksisen får krass kritikk av Sivilombodsmannen

I 73 av 81 saker har Gulen gitt dispensasjon frå plan- og bygningslova. Sivilombodsmannen meiner fleire vedtak har feil og manglar.

Nyhamar på Hisarøy i Gulen

LIBERAL PRAKSIS: Heidi Sandvik hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ser dei registrerer at mange kommunar har ein for liberal praksis med å gje dispensasjonar. (Biletet er frå Hisarøy i Gulen og er ikkje direkte knytt til sakene som er omtalt i artikkelen).

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Det er ein del manglar i forhold til sakshandsamingsreglar, og ikkje minst i forhold til dispensasjonsreglane i plan- og bygningslova som ikkje er vurdert tilfredsstillande. Det seier fungerande kontorsjef Marianne Kortner hos Sivilombodsmannen.

Moloar, kaier og flytebryggjer. Naust, sjøbuer, hytter og bustader. Berre i Sogn og Fjordane har Fylkesmannen dei siste fire åra behandla 1400 søknader om dispensasjon etter plan- og bygningslova.

– Trugar allmenne interesser

I eit stort fleirtal blir det gitt dispensasjon frå kommune- og arealplanar, ofte utan Fylkesmannen sitt samtykke. Dette gjeld bygging i både strandsone, på landbruksareal eller i natur- og friluftsområde.

Reglane for utbygging er strenge, men dispensasjonane er altså mange. Sivilombodsmannen er ikkje nådig i sin kritikk av Gulen sin utbreidde praksis med å gi dispensasjon.

Seniorrådgjevar Heidi Sandvik hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner alt for mange kommunar gjer som kystkommunen. At kommunane stadig omgår regelverket trugar allmenne interesser, seier ho.

Fleire små utbyggingar her og der, meir eller mindre tilfeldig, gir negative verknader for allmenne interesser som friluftsliv, landskap, og også for naturkvaliteten i strandsona.

– Ikkje tilfredsstillande

Sivilombodsmannen har på eige initiativ sett på kva Gulen kommune har gjort i slike saker. Dei har gått gjennom dispensasjonssøknader frå kommune- og arealplanen i tidsperioden 2009 til 2014.

I 73 av 81 saker har kommunen gitt dispensasjon. Berre halvparten av sakene vart sende til høyring hos Fylkesmannen. Fleire av desse vart igjen rådde ifrå av fylkesmannen, men i dei fleste tilfella gav kommunen likevel dispensasjon.

– Det vi har konkludert med er at dette ikkje er gjort tilfredsstillande, seier Marianne Kortner.

Sivilombodsmannen meiner Gulen ikkje verkar å ha fullt ut kjennskap til regelverket. Ein gjennomgåande svakheit er at inngrepa si plassering i terrenget sjeldan blir omtala.

– Vi meiner dei bør gjere ei grundigare vurdering av vilkåra i plan- og bygningslova når det gjeld dispensasjon. Dei bør også bør fokusere på å overhalde sakshandsamingsreglane i forvaltningslova, er den klare beskjeden frå Kortner.

Lovar gjennomgang

Rådmann i Gulen, Reidun Halland, seier dei tek Sivilombodsmannen sine konklusjonar på alvor.

– I ein kommune som Gulen er det veldig mange dispensasjonssaker, vi har ei lang kystlinje. Utfordringane det blir peika på er ikkje ukjente for oss. Vi skal ta ein gjennomgang for å sjå kva vi kan gjere for å forbetre rutinane, seier ho.

Halland meiner at sjølv om dei er rause med å gi dispensasjon i første omgang, har kommunen høve til å hente seg inn att når sjølve byggjesøknaden kjem på bordet.