Hopp til innhold

Ser fram til å konkurrere på landslaget under verdscupen i telemark

Etter å ha gått til topps i noregscupen i telemark i helga, nådde 18 år gamle Øyvind Vagstad frå Leikanger fleire av måla sine for sesongen. Neste helg køyrer han for første gong i verdscupen med det norske flagget på brystet.

Øyvind Vagstad frå Leikanger gjekk til topps i norgescupen, og får no køyre verdscup.

GJEKK TIL TOPPS: Øyvind Vagstad vann helgas norgescuprenn, men trur det blir vanskeleg å halde tritt med verdseliten når han skal bryne seg mot dei komande helg i Austerrike.

– Det er veldig kjekt, og eg er ganske overraska. Det gjekk bra i helga, men eg trudde ikkje det var godt nok til å kome heilt dit, seier Øyvind Vagstad.

I helga stod han øvst på pallen etter noregscupen i telemarkskøyring, og prestasjonen gjorde at han også fekk tillit til å vere med i verdscupen neste helg i Austerrike.

– Det har vore eit mål i løpet av sesongen, så å klare det er veldig kjekt. Det er mange gode juniorar og seniorar, så det er mange som har lyst å vere med på laget, seier den 18 år gamle guten frå Leikanger.

Med seg til renna i Austerrike får han også Sarah Fiskaa Haugen frå Luster, som også gjekk til topps i si klasse i helgas noregscup. Ho har også tidlegare stilt i renn med det norske flagget på brystet, medan det er første gong for Vagstad.

Trur det blir tøft å hevde seg i konkurranse med verdseliten

– Det var første gong eg vann eit bakkerenn i helga, eg har ein andreplass frå i fjor som beste resultat før det. Eit av måla for sesongen har vore å køyre inn til bra plasseringar i noregscupen, fortel Vagstad.

Han trur derimot ikkje det blir like enkelt å hevde seg i konkurranse med verdas beste telemarkskøyrarar.

– Mange av oss er tekne ut for å få erfaring, slik at vi får oppleve korleis det er å køyre verdscup. Ein ynskjer å satse på oss unge. Eg trur ikkje eg har sjanse til å hevde meg så høgt oppe, det er alt for mange veldig gode med til det, men det er utruleg kjekt å få prøve seg.

Øyvind Vagstad

DEBUTANT: Øyvind Vagstad er klar for verdscupen i telemark-køyring.

Foto: Privat

I telemarksrenna skal utøvarane køyre gjennom portar, hoppe, gå i reiplykkje og til slutt er det ein avsluttande skøytedel inn mot målstreken. 18-åringen trur det siste er det som byr på størst utfordring i verdscupen.

– På verdscupnivået er dei ekstremt kjappe i skøyting, så der har eg mykje å gå på for å nå dei igjen, fortel Vagstad som køyrer telemark for Syril.

Han har halde på med idretten sidan han var veldig liten, og deltek i konkurransar dei siste fem-seks åra.

– Vi har veldig flinke trenarar som motiverer, og som vil at vi skal trene og køyre mykje på ski. Det blir lagt til rette for det, og med stor satsing så kjem det også resultat etter kvart, seier verdscupdebutanten.