Hopp til innhold

Får knapt ein einaste makrell - skuldar på oljeselskapa

MÅLØY (NRK): Fiskarane er forbanna og frustrerte. Dei har knapt fått ein einaste fisk i det pågåande makrelldorgefisket. Skulda legg dei på oljeselskapa som gjennomfører seismikkundersøkingar.

Uroa over makrellfiske

SVÆRT UROA: Fiskarlagsleiar Jarl Magne Silden (t.v.) møter fiskarar på kaia i Måløy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Den siste tida har det pågått seismisk skyting utanfor Sogn og Fjordane, og fiskarane på kaia i Måløy er overtydde om at det har skremt vekk fisken.

No krev dei forbod mot seismikkskyting i og rundt tida for makrelldorging.

Geir Landøy frå Værlandet er frustrert over situasjonen som pregar fiskeriet utanfor kysten av Nordfjord.

Kraftig reduksjon i fangstane

– Det tek motet frå folk når det er på denne måten. I 2009 hadde eg vel 70 tonn til denne datoen, i år har eg fått vel tre tonn. Det er heilt horribelt, meiner Landøy.

I dag har han kome inn med ei last på berre 400 kilo, berre smårusk om ein skal ha fiskeri som leveveg.

I hamna i Måløy ligg det mange makrelldorgebåtar, men folk får ikkje makrell, og stemninga er laber.

Vil ha forbod frå juli

Seismisk skyting er kartlegging av havbotnen ved hjelp av kraftige trykkbølgjer, lyden skremmer vekk fisken meiner fiskarane Kjell Arvid Olsen og Einar Karlsen.

– Det var ingenting, det var null. Det er første gong eg har opplevd det, i alle fall slik eg kjem på, seier Kjell Arvid Olsen.

No krev fiskarane forbod mot seismisk skyting i område med makrelldorgefiske frå 15. juli og utover. Dei får støtte frå leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, Jarl Magne Silden.

– Det må bli eit forbod mot seismikk, om dette skal bli om dette skal vere eit fiske i framtida, seier Silden.

Gjev fiskarane lita von

Men pressetalsperson Eldbjørg Waage Melvær i Oljedirektoratet seier trongen for seismisk skyting er så stor at eit forbod ikkje er realistisk.

– Det er ein periode der mange selskap ønskjer å samle inn seismikk. Det er også slik at når fisket startar, så skal seismikkfartøya trekkje seg ut frå området, seier ho til NRK.

I dag er regelverket at båtane skal vike om det går føre seg fiskeri, og at det skal vere fiskerikyndige om bord, men trass i at regelverket blir følgt blir det likevel konfliktar.

Seismikkfartøya har no etter oppmoding frå fiskarane reist frå området. Men Geir Landøy fryktar det tek fleire veker før makrellen sig inn mot kysten att.

– Det går kanskje tre veker før det kjem noko, seier Landøy.