Får inn store mengder klede

Innsamlinga av klede, leikar og anna utstyr til dei brannråka i Lærdal går så bra at dei snart må seie stopp. På mottaket er det fylt til randa med det meste folk måtte ha behov for.

Innsamlingsmottaket i Lærdal har fått inn store mengder klede, leikar og anna utstyr som dei som har mist alt i storbrannen kan kome og hente.

– Det er veldig kjekt å kunne hjelpe. Det har vore veldig mange givarar, så det er kjekt å kunne vere med å bidra med det me kan bidra med.

Det seier Kristin Evensen, som er leiar for innsamlingsmottaket i Lærdal.

Stoda for dei mange huslause etter storbrannen i Lærdal natt til sundag har rørt mange.

I nabokommunane, både i og utanfor fylket, har det blitt samla inn klede og anna som dei som har mist alt kan frå bruk for.

– Mykje kjem sjølvsagt frå lokalmiljøet. Alle bidreg med det dei har trur eg. Og me kan få meir viss me vil. Men no har me bra trur eg, så vi får sjå kva vi har før vi tek i mot meir.

Har det meste

Det er Frivilligsentralen i Lærdal som har tatt på seg å organisere mottaket som ligg midt Lærdal sentrum.

Eit rom på storleik med eit klasserom er allereie fylt til randa med klede og anna utstyr.

– Ja, her har me det meste for ei lita frøken, seier Evensen medan ho syner fram ei rosa jakke, rosa vest og kåpe, som heng på eit stativ.

Mottaket som har ope til klokka 21, kan elles tilby sengetøy, undertøy, kosmetikk, sminke og kjøkkenutstyr.

– Vi kan og formidle møblar for dei som treng det. Vi kan få tak i det meste.

I tillegg til å kunne finne seg klede og anna trur Evensen det er godt for folk å kunne kome innom å prate litt med andre om det som har skjedd.

– Eg trur dei tykkjer det er litt godt å kunne kome her. Setje seg ned å ta ein kopp kaffi og prate litt med andre. Få eit lite pusterom.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.