Hopp til innhold

Får ingenting frå Terra

Bremanger, Vik og dei seks andre terrakommunane får ikkje krevje Terra Gruppen for 120 millionar kroner.

Marta Finden Halset

Ordførar i Vik, Marta Finden Halset.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Det har kredittilsynet bestemt.

120 millionar kroner er summen Terra Securities tjente på å handle med kommunane i perioden frå 2004 til 2007.

Kredittilsynet opplyser til Finansavisen at det ikkje er god nok grunn til å forfølgje morselskapet sidan Terra Securities har mist konsesjonen.