Hopp til innhold

Får ikkje undervise flyktningar

Den kristne friskulen Sygna vidaregåande skule i Balestrand, får ikkje undervise i norsk og samfunnsfag, som del av introduksjonsprogrammet til flyktningar i Balestrand kommune. Det var kommunen som ville at friskulen skulle bidra til undervisinga, men no har Kunnskapsdepartementet sagt nei, skriv avisa Dagen. Grunngjevinga er at friskular ikkje får drive anna verksemd enn det Kunnskapsdepartementet gir dei tilskot til. Rektor på Sygna vidaregåande skule, Joakim Hector, er skuffa.

Sygna vidaregåande skule i Balestrand
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK