Hopp til innhold

Får ikkje tatt i mot eller levert postpakkar

– Vi håpar kundane forstår at vi ikkje får gjort noko med det.

Trine Ryland ved Coop Extra

PROBLEM: Trine Ryland ved Coop Extra i Førde seier at dei merka problema i 08-tida fredag.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ørjan Alme

BUTIKKSJEF: Ørjan Alme ved Coop Extra i Førde seier at kundar kan ta ut pengar hos dei.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det seier Ørjan Alme, butikksjef ved Coop Extra. For den store feilen hos IT-giganten Evry råkar ikkje berre eit stort tal bankkundar, men også Posten.

– Systemet vårt er nede, så vi får ikkje levert ut eller tatt i mot pakkar. Det har vore slik sidan klokka 08 i dag, fortel Trine Ryland ved Coop Extra i Førde.

Forseinkingar

– All data, for både posten og butikken, er nede. Vi får ikkje meldt inn pakkar som folk skal hente, så det kan bli eit problem utover dagen, seier butikksjef Alme.

John Eckhoff

PRESSESJEF: John Eckhoff seier feilen hos Evry skaper problem for pakkeutleveringar hos Posten.

Foto: Ali Iqbal Tahir / NRK

Pressesjef hos Posten Noreg, John Eckhoff, stadfestar at feilen hos Evry går hardt utover også dei. Feilen gjer at det ikkje vil vere råd å hente pakkar som krev legitimasjon frå Posten sine utleveringsstader.

Dei opplever også forseinkingar i utkøyring av pakkar over heile landet.

– Det gjeld klimanøytrale servicepakkar, bedriftspakkar og stykkgodsleveringar. «Ekspress over natt» kan også bli forseinka, seier Eckhoff.

Kan bruke kort

Erlend Løvø må bruke reserveløysing

RESERVELØYSING: Butikktilsett Erlend Løvø må bruke reserveløysingar om kundar skal ta ut pengar på kortterminalen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Kommunikasjonsdirektør Geir Remman seier at dei i natt fekk ein feil i ein sentral komponent i ei stor maskin som dei no jobbar på spreng med å reparere. Han seier dei ikkje har oversikt over kor mange bankar og bankkundar feilen går utover.

– Overfor alle som er råka, så må vi berre beklage det som har skjedd, seier han og forsikrar at feilen ikkje set kunden sine pengar i fare.

Geir Remman

ALVORLEG: Kommunikasjonsdirektør Geir Remman seier fleire bankar er råka av feilen hos Evry.

Foto: Evry

Feilen gjer at bankkundar ikkje får tilgang til nettbank og mobilbank. Dei får heller ikkje brukt korta sine i minibankar.

– Men ein kan bruke betalingskorta i butikkar der dei har ekstraløysing, noko dei aller fleste har. Her kan ein også ta ut pengar, seier Remman.

Problem for Telenor

Caroline Lunde, informasjonsvakt hos Telenor, fortel at også dei merkar problema til underleverandør Evry.

– Det går ikkje utover samtalar eller andre telefontenester, men kundar som skal bestille nye tenester, som til dømes bytte eller endre mobilabonnement, seier ho og fortel at desse vil oppleve forseinkingar.

– Så vi rår folk til å gjere dette seinare. Vi beklagar dette, og jobbar tett med leverandøren for å rette feila, legg Lunde til.