Hopp til innhold

Får ikkje tak i rektorar

Fleire kommunar opplever vanskar med å få tilsett rektorar i ledige stillingar. Både i Selje og Vågsøy stod dei att med null søkjarar etter at stillingane var lyst ut to gonger.

skoletavle

LITE ETTERTRAKTA: Søkjarane står på ingen måte i kø til ledige rektorstillingar i skulen.

Skram skule i Vågsøy.

STOLEN STÅR TOM: Skram skule i Måløy har framleis ikkje fått rektor, trass to utlysingar.

Foto: Bjarne Eldevik

– Vi har framleis ikkje rektor på Skram skule. Etter kvart som tida går opplever vi dette nesten som eit lite press, vedgår kommunalsjef Ove Aksnes i Vågsøy.

Saka vart først omtala av Fjordenes Tidende.

To utlysingar – null søkjarar

To rundar med stillingsutlysing har resultert i null søkjarar, for det er slett ingen søkjarkø til rektorstillingar i Sogn og Fjordane. Knapt nok ein søkjarbunke. Men få vert overraska over det.

– Nei det gjekk no som vi frykta, seier rådmann Ørnulf Lillestøl i Selje.

Stadlandet skule

FEKK INGEN: Selje kommune måtte til slutt omplassere ein tilsett til leiarjobben som rektor ved Stadlandet skule.

Foto: Ottar Starheim / NRK

For å finne ein rektor til Stadlandet skule fekk dei til slutt ein annan leiar i kommunen til å ta jobben. Målet er at vedkomande skal starte på pedagogisk utdanning i løpet av neste år.

Måtte oppmode folk om å søkje

Både ved Luster oppvekstsenter og ved Atløy skule søkjer dei no etter rektor. I Lærdal ringde kommunalsjef for kultur og oppvekst Torunn Liltvedt til personar og oppmoda dei om å søkje på rektorstillinga på Lærdalsøyri skule.

Lærdalsøyri skule

BAD FOLK SØKJE: For å få ny rektor til Lærdalsøyri skule måtte kommunalsjefen aktivt oppmode folk om å søkje.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi enda opp med tre søkjarar. Det seier noko om at det er vanskelege jobbar å få gode folk i, konstaterer Liltvedt.

– Vi ser over heile landet at det er vanskeleg å rekruttere til rektorstillingar og leiarstillingar i skulen. Nokre argumenterer at det er lønsnivået, andre med at det er ei veldig krevjande stilling, seier Lillestøl i Selje.

– Låg løn – mykje ansvar

Fleire NRK har prata med skildrar rektorjobben som svært krevjande, med ansvar for administrasjon, personale, elevsaker, utviklingsarbeid, – ofte innan for tronge budsjett.

Hafstad vidaregåande skule

TRE TRAKK SEG: Noverande rektor ved Hafstad vidaregåande skule i Førde går snart av med pensjon. Fem søkte jobben, men tre har trekt seg, og berre ein av to søkjarar som står att er kvalifisert for jobben.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er ikkje uvanleg at rektorar jobbar opp mot 50 timar i veka, seier tidlegare rektor og fylkesleiar Per Arne Furseth i Skoleleder-forbundet.

Han peikar på lønn som EI forklaring på søkjarmangel på rektorstillingar.

– Eg har mange eksempel i Sogn og Fjordane og elles på at løna på rektorar er den same som lektorar og adjunktar med opprykk på lærarrommet på skulen. Det er for lite. Ein må sørge for å få til skikkeleg lønspålegg til rektorane som speglar ansvar og oppgåver.

Sit att med berre éin kvalifisert søkjar

Stryn vidaregåande skule

LEDIG STILLING: Rektorjobben ved Stryn vidaregåande skule vart lyst ut sist fredag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Men situasjonen er ikkje heilt svart. I Stryn fekk kommunen nyleg fire kvalifiserte søkjarar til stillinga som rektor ved Vikane skule. No skal den vidaregåande skulen i kommunen få ny rektor. Stillinga vart lyst ut fredag.

– Vi har eit rekrutteringsfirma som hjelper oss i arbeidet med rekruttering til leiarstillingar i fylkeskommunen, opplyser fylkesdirektør for opplæring Bekka Skaasheim.

Nyleg var rektorstillinga ved Hafstad Vidaregåande skule i Førde lyst ut. Etter at tre av fem søkjarar trakk seg, sit fylkeskommunen att med éin kvalifisert søkjar.

Bekka Skaasheim

TRENG TO: Fylkesdirektør for utdanning, Bekka Skaasheim, jaktar nett no ny rektor både på Hafstad vgs. i Førde og Stryn vgs.

– Eg skal ikkje seie om eg er fornøgd eller ikkje. Det er stort sett dette talet det ligg på når det er snakk om søknader til skuleleiarstilling. Dette er ikkje spesielt for Sogn og Fjordane. Eg trur rektorstillingar er attraktive, men å leie ein skule er kanskje ein av dei mest krevjande stillingane ein kan ha, kommenterer Skaasheim.

Det er førebels ikkje avgjort om rektorstillinga på Hafstad vidaregåande skule skal lysast ut på nytt.