Får ikkje tak i barnevernet
Då eit barn i Sunnfjord vart mishandla i heimen i helga, vart han ikkje teken hand om av barnevernet, men teken med til krisesenter i Florø, skriv Firda. Årsaka er at barnevernstenestene i Sunnfjord ikkje har bemanning i helgene, og kunne difor ikkje ta hand om barnet. Barnet har budd på krisesenter i to døgn.