Det er stiftinga Utladalen Naturhus som har søkt om løyve til å sprøyte langs Folkevegen til Vetti for å hindre attgroing.
– Uheldig
Fylkesmannen viser til at Statens Vegvesen går stadig meir bort frå sprøyting langs vegane. Det vil difor vere ein uheldig signaleffekt dersom det vert gjeve løyve til slik sprøyting i landskapsvernområde, meiner Fylkesmannen.