– Situasjonen er fortvilande, seier Øyvind Listou som bur ved Mørkridselva.
Frå å vere ei lita haustelv utvikla Mørkridselva seg raskt i løpet av helga til å bli ei farleg flaumelv. Vegar og bøar vart overfløymde og 13 bebuarar var isolerte. Kombinasjon av store nedbørsmengder og snøsmelting førte til svært flaumstore elvar fleire stader i Sør-Noreg.
– Hadde Mørkridselva vore utbygd og regulert ville det vore mogleg å redusere dei verste flaumtoppane. No kan vi ikkje gjere noko, sukkar Listou.
SLÅTTEMARK: Slik ser slåttemarka til Øyvind Listou ut etter flaumen i Mørkridsdalen i helga.
Foto: PrivatMedan ikkje regulerte vassdrag som i Flåm og Odda har opplevd omfattande flaumar dei siste åra, har ein unngått flaum på stader som i Årdal og Høyanger der elevane er bygde ut.
– Vi kan ikkje verne oss i hel. Det burde gå an å byggje ut Mørkridselva på ein skånsam måte, seier Listou.
Verneplanar styrer
DEMPAR FLAUM: På generelt grunnlag ser vi at eit regulert vassdrag med magasinkapasitet gjev ein dempande flaumeffekt i periodar med kraftig nedbør, seier Brigt Samdal, regionsjef i NVE.
Foto: Noralv Pedersen / NRKRegionsjef i NVE, Brigt Samdal, er samd i at det kan vere lettare å unngå farlege flaumar i elvar som er utbygde og regulerte.
– På generelt grunnlag ser vi at eit regulert vassdrag med magasinkapasitet gjev ein dempande flaumeffekt i periodar med kraftig nedbør.
– Kor mykje kan ein redusere ein flaum på denne måten?
– Det kjem an på kor stort magasinet er i høve vassføringa i elva og kva fyllingsgrad magasinet har, seier han. Samdal slår samtidig fast at Stortinget har vedteke verneplanar der det blir slått fast kva vassdrag som skal vernast.
FLAUM: Her ser vi vegen gjennom Mørkridsdalen i Sogn som låg under vatn under den siste flaumen.
Foto: Odd Helge Brugrand / NRKOrdførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp), er glad for at fleire av vassdraga i kommunen hans er bygde ut.
– Dei vassdraga som er regulerte har ein stor fordel i flaumsituasjonar. Vi såg det spesielt godt i Jostedalen der Statkraft fylte opp magasina og på den måten heldt flaumtoppen nede, seier han.
Avviser meir vasskraftutbygging
SEIER NEI: Vi kan ikkje godta at nye vassdrag blir utbygde og regulerte, seier leiar i Norges Naturvernforbund, Silje Ask Lundberg.
Foto: NaturvernforbundetLeiar i Norges Naturvernforbund, Silje Ask Lundberg, seier blankt nei til utbygging og regulering av Mørkridselva og andre verna norske vassdrag.
– Vi er totalt usamde i at ein må byggje ut fleire elvar for å kunne regulere vassmengdene i flaumsituasjonar. Naturinngrepa vil vere altfor store, seier ho.
– Kva vil Naturvernforbundet gjer med dei farlege flaumane?
– Klimaendringane medfører stadig meir ekstremvêr og flaum. Då er det heilt essensielt at staten utvidar flaumsikringa av elvane, også i dei verna vassdraga, seier ho.