Hopp til innhold

Kinosjefen er frustrert over dagens ordning - får ikkje sette opp dei filmane ho vil

Kinosjefane vil gjerne vise fleire smale norske kvalitetsfilmar i distrikta, men dei får ikkje lov. No ber dei om at noko blir gjort.

Torhild Vie, kinosjef i Førde

FRUSTRERT: Torhild Vie som er kinosjef i Førde skulle gjerne sett opp fleire forskjellige filmar på kinoen sin.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Dei nye norske filmane som «Elsk meg» og «Blind» må publikum i Sogn og Fjordane vente forgjeves på å få sjå på sin lokale kino.

I både Førde og Sogndal skulle kinosjefane svært gjerne hatt desse og liknande filmar på programmet, men distributørane vil ikkje la dei få lov.

I 2013 var det nærare 200 kinoar i Norge, men berre eit fåtal av desse får høve til å setje opp dei smalare norske filmane på sin kino.

Torhild Vie er kinosjef i Førde, og skulle gjerne sett at ting var annleis.

– Det er ganske frustrerande sidan vi ønskjer å ha eit breitt og variert tilbod. Vi har lyst å vise mange norske filmar, og eg skulle gjerne teke inn dei filmane som eg meinte passa inn i programmet i Førde, seier ho.

Trur fleire filmar hadde falle i smak

Denne helga var det mellom anna store Hollywood-filmar som «Captain America» og premierefilmen «Divergent» som stod på programmet.

Begge er filmar som fell i smak hos publikum, men det trur kinosjefen at også smalare norsk film hadde gjort. Om ho hadde fått sett dei på plakaten.

– Slik det er i dag får ikkje vi tak i alle dei filmane vi vil. Spesielt litt smalare filmar, og filmar som byråa ikkje trur vil gå så godt, seier ho.

Viser til store kostnader

Den kritikarroste norske filmen «Blind» er ein av dei. Men for distributørane kostar det å sende ut filmar til dei 192 kinoane i landet, sjølv etter digitaliseringa.

– Vi har vanlegvis kostnader på mellom 3000 og 4000 kroner på ei oppsetting, seier leiar i Norge filmbyråers foreining, Guttorm Petterson.

Han seier dei då er avhengige av å tene inn at dei utlegga dei har.

– Det seier seg sjølv at vi må ha filmleige, og vår del av billettinntektene må dekke våre kostnadar. Dermed må ein ha ganske mange publikummarar til å sjå filmane, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fra filmen Blind

FRÅ FILMEN BLIND: Filmen 'Blind' blir skildra som eit stemningsfullt drama, der regissør Eskil Vogt leikar med spennande filmatiske verkemiddel for å fortelje sin sjølvskrivne og interessante historie.

Foto: Kimm Saatvedt/Motlys

– Ingen dekker våre tap

Guttorm Petterson

KOSTNADER: Guttorm Petterson viser til store kostnader med å sende filmane ut til alle dei nær 200 kinoane i Norge.

Knut Olav Åmås

VIL LYTTE: Statssekretær Knut Olav Åmås seier dei vil lytte til alt av innspel.

Foto: Ilja C. Hendel

Den norske filmen «Blind» er send ut til kring 40 kinoar rundt om kring i landet, og er til no sett av kring 10.000 personar.

Men tala Petterson har fått inn viser også at nesten 15 av kinoane har gått med tap på denne filmen. Han forstår at kinosjefane er frustrerte fordi dei ikkje får setje opp alle filmane dei vil, men seier økonomien set grenser.

– I forhold til tidlegare, då ein fekk ein film til slutt om ein berre venta lenge nok, så forstår eg at det er frustrerande. Kinoane sin repertoarfridom blir avgrensa på denne måten.

– Vi har ingen kulturpolitiske forpliktingar og ingen støtteordningar som dekker våre tap, og difor må vi seie nei av og til. Dessverre, seier han.

Vil stille krav til filmar som får statsstøtte

Også kinosjef i Sogndal, Tor Uglum, seier både han og publikum er misnøgde med situasjonen.

– Folk etterlyser forskjellige filmar, og eg må seie til dei at vi gjerne skulle ha sett opp filmen, men at vi dessverre ikkje får den frå distributøren, seier Uglum.

Filmen «Blind» har fått nærare 10 millionar kroner i statsstøtte. Uglum meiner ein bør byrje stille visse krav til filmar som får statsstøtte.

– Det er veldig spesielt at det ikkje ligg ein klausul når du får så mykje i støtte, om at filmen skal visast på alle norske kinoar, seier Uglum.

Trur ikkje på ei slik løysing

Petterson trur på si side ei slik løysing vil vere utfordrande.

– Når eg film får ti millionar kroner i statsstøtte, og ikkje kjem ut til så mange kinoar, så kan det verke urimeleg.

– Men for å få dette til må ein bruke meir midlar frå staten til å sikre oppsetjing, eller så må produsentane vere klar over at dei er forplikta til å tilby filmen til alle kinoane. Dette er ein kostnad dei må ta med i reknestykket sitt frå dag ein i så tilfelle, seier han.

Lovar ta med seg innspela

Statssekretær i Kulturdepartementet, Knut Olav Åmås, seier dei tek med seg alle innspel i den nye filmmeldinga som kjem våren 2015.

– Vi vurderer konkrete tiltak for å sikre at dei offentlege midlane blir brukte på ein effektiv måte.

Han viser til at staten kvart år bidreg med 750 millionar kroner til norsk film, og at det difor er viktig at desse blir brukte på ein god måte.

– Vi vil så på alle relevante innspel rundt spreiinga og formidlinga av norsk film. Det er svært viktig at god norsk film kan nå ut til flest mogleg.

Kinosjef i Førde, Torhild Vie, håpar det i framtida blir enklare å vise dei filmane ho meiner passar det lokale publikummet.

– Vi må finne ut korleis vi kan få fleire filmar ut til alle kinoane, oppmodar ho.