Hopp til innhold

Nei til demonstrasjonssal av alkohol

Atter ei gong vart Venstre nedstemt.

Eli-Grete Høivik, Lars Peder Brekk og Åge Eitungjerde

Eli-Grete Høivik, landbruksminister Lars Peder Brekk og Åge Eitungjerde under opninga av Ciderhuset.

Foto: Robert Jan Leerink

- Eg hadde trudd at me var mykje nærare no, for me har hatt ein landbruksminister som i alle fall gjennom media har stått på for denne saka. Men landbruksminister Lars Peder Brekk har tydelegvis ikkje fått med seg dei andre i regjeringa, seier leiar i Venstre, Trine Skei Grande.

- Intern usemje i regjeringa

Helse- og omsorgskomiteen handsama innstillinga i dag. Spørsmålet var om lokale produsentar av alkoholhaldig drikke skal få drive såkalla demonstrasjons-sal og servering av eigne produkt til dei som besøker produksjonsstaden.

- Det var heilt tydeleg at Arbeidarpartiet ville stoppa framlegget. Og det er veldig dumt, for dette er veldig mykje distriktsnæringsliv og lokalt næringsliv, samt korleis ein skal nyta det gode liv- Så det er utruleg dumt for alle som ville skapa arbeidsplassar ut av slik produksjon av alkoholhaldige drikker, seier Skei Grande.

Ho fremja dette som eit såkalla Dokument 8- eller representantsframlegg. Det er framlegg ein eller fleire stortingsrepresentantar legg fram for Stortinget, men når dei kjem frå opposisjonen er det heller sjelda framlegga går gjennom.

- Denne regjeringa har vore ekstrem på dette. Men det er nok intern usemje i regjeringa også. Eg trur ikkje det er lett for Senterpartiet å få gjennom viktige distriktspolitiske saker som dette, seier Skei Grande.

- Løpet køyrd i denne perioden

Åge Eithungjerde.

Åge Eithungjerde

Foto: Arne Eithun / NRK

- Er det håp om å kunne fremja framlegget på ny seinare i stortingsperioden?

- Det vert nok vanskeleg å få til i denne perioden så lenge Arbeidarpartiet strittar i mot. Ein må nok få ei ny regjering fyrst. Og Venstre prøver att ved neste Storting.

Eigarane av Ciderhuset i Balestrand ønskja å driva med demonstrasjonssal og servering av alkoholhaldig drikke dei produserer.

- Det er flott at Venstre har fremja dette, men eg har ein mistanke om at andre mekanismar verkar inn. Så eg trur ikkje avstemninga i dag speglar att stemninga i Storinget, seier Ciderhuseigar Åge Eitungjerde.

Han meiner dette er dårleg distriktspolitikk.

- Dette hadde hatt veldig mykje å bety for oss. Skal me i Norge få til ei skikkeleg satsing på lokal produksjon, må drikke handsamast på same måten som mat.

- Haldningane har endra seg

Eitungjerde hadde sjølvaste landbruksminister Lars Peder Brekk til å Ministeren opna brenneriet . Ettersom Brekk altså har snakka varmt om demonstrasjonssal og servering av lokalproduserte alkoholhaldige drikker, føler Eitungjerde seg snytt-

- Me har hatt følarar ute i høve uilike parti, og har klar oppfatning av at haldningane har endra seg dei siste åra. Så med ein litt annan handtverksmessig tilnærming, så kunne ein fått dette gjennom.

Han håpar Ciderhuset ei eller anna gong skal få selgja alkoholhaldig drikke.

- No kan det verka som eit demonstrasjonsframlegg frå Venstre, og då vert det vanskeleg for regjeringspartia å slutta seg til. Det vert ei sak som er litt betent fordi den har vorte nedstemt to gonger, og det er litt dumt.