NRK Meny
Normal

Får ikkje prøve saka si i Høgsterett etter Vest Tank-eksplosjonen

Det er no sett punktum i straffesaka etter at ein tank på dåverande Vest Tank AS sitt anlegg i Sløvåg i Gulen, eksploderte 24. mai 2007. Styreleiaren og ein rådgjevar får ikkje saka opp i Høgsterett.

Vest Tank

EKSPLODERTE: Ein av tankane ved Vest Tank AS sitt anlegg i Sløvåg eksploderte i mai 2007.

Foto: Kåre Næss

– Dei forholda styreleiaren er dømd for, er svært samfunnsskadelege, skriv

ankeutvalet til Høgsterett om avgjerda, melder NRK beta.

Den tidlegare styreleiaren Trond Emblem vart dømd til to år og fem månader fengsel, medan den tidlegare rådgjevaren Karl-Jan Erstad vart dømd til tre månader fengsel.

Med avgjerda til ankeutvalet, vert desse dommane ståande.

Kjemisk avfall gjekk i lufta

Det er no snart seks år sidan den veldige eksplosjonen i Sløvåg i Gulen. To store lagertankar med kjemisk avfall gjekk i lufta, begge tilhøyrde selskapet Vest Tank.

Det var eit under at ingen vart drepne i den enorme eksplosjonen, men ti personar vart lettare skadde. Uhellet førde til at mange i området fekk helseplager som kvalme, irritert hals og irriterte auge.

Den mest alvorlege miljøkriminalitetssaka

I fleire omgangar har det vore gjennomført helseundersøkingar for å finne ut kva følgjer eksplosjonen har fått for folk i nærområdet.

Tidlegare styreleiar og eigar av selskapet, Trond Emblem, og rådgjevar for selskapet, Karl-Jan Erstad stod begge tiltalt for miljøkriminalitet etter eksplosjonen. Saka er den mest alvorlege miljøkriminalitetssaka som har vore i ein norsk rettssak.

Frå før er tidlegare dagleg leiar i selskapet Jostein Berland (63) dømd til to års fengsel, etter at Høgsterett skjerpa straffa.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast