NRK Meny
Normal

Får ikkje nytt fellingsløyve

Fylkesmannen har avslått søknaden frå Jostedalen Sankelag om å forlenge fellingsløyvet på bjørnen som har herja i indre Sogn i sommar.

Det siste løyvet gjekk ut måndag, og fylkesmannen såg ingen grunn til å forlenge løyvet når det ikkje er funne nye kadaver.

I tillegg tyder kadaverfunnet i Bøverdalen i Oppland 10. august på at bjørnen har vandra ut av fylket.

Jostedalen Sankelag hadde håpa på å få meir tid til å finne nye spor etter bjørnen. Leiar Arne Bjørk, seier til NRK at han er skuffa over avslaget, men at det ikkje kom uventa på han.

- Vi kan ikkje utelukke at bjørnen framleis er i fylket, og vert det funne nye kadaver vil vi gje nytt fellingsløyve raskt, seier Hermund Mjelstad i miljøvernavdelinga hos fylkesmannen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser