NRK Meny
Normal

Får ikkje nyte alkohol etter kl 23

Førde kommune vurderer å nekte tilsette på kurs og konferansar å nyte alkohol etter klokka 23 på kvelden.

Øl
Foto: Illustrasjonsfoto / Scanpix

Ein rapport frå Alkokutt viser at 39 prosent av tilsette sitt alkoholkonsum i landet er relatert til arbeidsplassen.

- Vi lagar nye retningslinjer for å førebyggje, seier rådmann Ole John Østenstad.

Kommunen har eit mål om å redusere forbruket av alkohol. Østenstad seier dette er eit forsøk på å gjere folk medvitne.

- Poenget er ikkje at vi ønskjer å kontrollere. Det viktige er å gjere dei tilsette medvitne og gi dei ei positiv oppleving.

Aukar sjukefråveret

Forsking viser at folk si haldning til alkohol er blitt meir liberal. Ein rapport frå Alkokutt viser at heile 39 prosent av dei tilsette sitt alkoholforbruk er relatert til arbeidsplassen, og alkoholinntaket viser att på sjukefråveret.

Fleire bedrifter har reglar om å vere moderat i omgang med alkohol, men Kommunenes Sentralforbund har ikkje høyrt om ein absolutt-regel.

- Vert debattert

Hovudtillitsvald i Fagforbundet Bjørn Hatlelid har ikkje fått direkte tilbakemeldingar frå tilsette, men meiner dette er på sin plass.

- Eg høyrer at det er ting som vert teke ut av reglementet og debattert. Men det er jo positivt at folk har lagt merke til at noko skjer.

Forslaget om null alkohol etter klokka 23 om kvelden er no ute til høyring. Østenstad meiner det ikkje er å umyndiggjere vaksne menneske.

- Vi ønskjer å få innspel, og vil vurdere dei svært seriøst. Og kjem her vektige argument er vi villige til å justere forslaget.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå