Hopp til innhold

Får ikkje møte statsministeren - er overraska over uheldig møtekollisjon

Statsministeren sitt besøk til fylket kunne knapt passa dårlegare, meiner fylkesordførar Åshild Kjelsnes. 8. april er alle landets fylkestoppar samla hos kommunalministeren.

Åshild Kjelsnes

FÅR IKKJE MØTE STATSMINISTEREN: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes synest det er rart at statsministeren kjem til fylket på ein dag d

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er gledeleg at statsministeren vel å bruke ein dag i Sogn og Fjordane. Men at ho vel å komme akkurat den 8. april var litt overraskande.

Det seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes. I dag vart det klart at statsminister Erna Solberg kjem til Sogn og Fjordane tysdag 8. april og skal besøke Florø, Førde og Sogndal.

Men den 8. april er den dagen den politiske leiinga i fylket, fylkesordføraren, fylkesvaraordføraren og fylkesrådmannen er invitert til kommunalministeren for å møte fylkesleiinga frå resten av landet. Då er det nemleg regjeringas årlege Kontaktkonferanse.

–Uheldig møtetidspunkt

– Det er det absolutt viktigaste kontaktpunktet dei regionale folkevalde nivået har med Regjeringa i løpet av heile året. Målet med konferansen er nettopp å styrke den politiske dialogen mellom folkevalde organ.

Dermed kan det bli glissent oppmøte av toppleiinga i fylket når statsministeren kjem til fylket.

– Eg synest det er veldig leit og uheldig at det skulle bli ein slik kollisjon. Og det er litt overraskande, for dette er jo likt for alle dei øvste folkevalde i landet, då er alle samla i Fredrikstad.

Får ikkje tatt opp viktige saker

Kjelsnes er skuffa over at ho ikkje får møte statsminister Erna Solberg, og trur ho kan gå glipp av ein gylden sjanse til å ta opp viktige saker som gjeld fylket.

–Når statsministeren kjem til fylket og skal besøke Florø, Sogndal og Førde som er motorane i fylket vårt, då hadde vi som er frå det regionalt folkevalde organet hatt stor interesse av å møte statsministeren for å formilde ting som vi synest er viktige for fylket.

– Inntil noko anna er bevist vel eg å sjå på dette som ein arbeidsglipp, seier Kjelsnes.

– Kjem nye sjansar til å møte statsministeren

Men statssekretær Julie Brodtkorb beklagar møtekollisjonen.

– Det er sjølvsagt uheldig at verken fylkesordføraren, fylkesvaraordføraren eller fylkesrådmannen er til stades. Men eg kan love at det ikkje blir siste gong statsministeren kjem til Sogn og Fjordane, så dei vil heilt sikkert få høve til å møte henne.

(Saka held fram under biletet)

Julie Brodtkorb

BEKLAGAR MØTEKOLLISJON: Statssekretær Julie Brodtkorb seier det er uheldig at det er ein møtekollisjon for fylkesordføraren, men at det vil komme nye sjansar til å møte statsministeren.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

På denne reisa har statsministeren i hovudsak planer om å møte folk som er på jobb.

– Denne gongen er tema for reise «Konkurransekraft». Målet med reisa er å møte folk på arbeidsplassane sine og trygge arbeidsplassar.

Ho viser til at statsminister Erna Solberg uansett ville reist ein eller annan stad i landet for å møte vanlege folk, denne tysdagen 8. april og at Kontaktkonferansen uansett ville komme i vegen for nokon.

– Flest mogelege tysdagar er sett av til reiser rundt i landet på kvartalsvise tema. Statsministeren er oppteken av å skape politikk for vanlege menneske i vanlege liv. Dei møter ho blant anna på tysdagsreisene sine, seier Brodtkorb.