Hopp til innhold

Får ikkje møte sjukehusaksjonistane

Sjukehusaksjonistane får ikkje vere med under helseminister Anne-Grethe Strøm Erichsen si synfaring på lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

Anne-Grethe Strøm-Erichsen

Det blir ikkje sett av tid til møte mellom helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen og sjukehusaksjonistane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Nestleiar for sjukehusaksjonen i Nordfjord, Knut Leirgulen, meiner dette er typisk Helse Førde.

- Dei er ikkje så interesserte i dialog med vanlege folk, så eg er ikkje overraska i det heile. Eg håpar legane, sjukepleiarane og hjelpepleiarane får snakke med statsråden og at det ikkje berre blir styret i Helse Førde som får ordet, seier han.

- Ikkje vår oppgåve

Ordførarane i vertskommunane Eid og Lærdal, leiarane i regionråda og leiinga og styret i Helse Førde er med i det gode selskap når helseministeren vitjar fylket onsdag og torsdag.

- Vi har ikkje som oppgåve å sette av tid til sjukehusaksjonistane. Det må bli ei sak mellom dei og Sogn og Fjordane Arbeidarparti eller eventuelt departement, seier informasjonssjef Arne Eithun i Helse Førde.

Ber om orientering

Ministeren vil bli vist rundt på dei aktuelle avdelingane, og truleg vil ministeren be om Helse Førde om ei orientering om korleis dei tenkjer seg dei planlagde distriktsmedisinske sentra skal fungere.

- Vi kjem til å ha ein gjennomgang av alt frå poliklinikkar til sengepostar, så vi vil nok vere innom dei fleste avdelingane ved sjukehusa, seier Eithun.